Boka er delt i fire delar "om ting vi putter i oss", "om ting vi har omkring oss", "fantastisk kjemi" og "fra kjemiens historie" og består for det meste av artiklar som tidlegare har vore publisert i tidsskriftet Kjemi.

Eg likar boka godt og synest det er fint at denne typen bok vert utgitt på norsk, men boka har ein stor svakheit. Ho inneheld mange trykkfeil, også i figurar og tabellar. Dette er hovudgrunnen til at eg ikkje gir boka ein seksar, men heller ein svak femmar på terningen. Eg er usikker på om det er forfattar eller forlag som har slurva. Mange av feila er slurv. Eit eksempel som går igjen er manglande minusteikn, til dømes står det at 10^6 er ein milliondel. Det rette er at 10^-6 er ein milliondel medan 10^6 er ein million.

Da eg er redd nokre av trykkfeila kan verka forvirrande eller biddra til misforståingar, nøler eg med å anbefala boka til folk som ikkje allereie har eit rimeleg bra kunnskapsnivå innan kjemi. Det vert anleis om lesaren hadde fått ei liste med rettingar.

I så fall trur eg boka kan passa for interesserte lekfolk, elevar som har kjemi på vidaregåande og lærarar. Der det er relevant er det nytta t.d. formlar, reaksjonslikningar og molekylorbitalar. Dette er forklart godt nok til at det ikkje skulle vera nødvendig med omfattande kjemikunnskap for å få med seg samanhengen, men er samstundes så avansert at boka for meg fungerte fint som repetisjon av deler av kjemipensum frå dei første semestera på universitetet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Universitetsforlaget har lagt ut retteliste.

Mange av feila er retta her og i andre opplag av boka. Eg har funne ein feil (eit tal som skulle stått med senka skrift) som ikkje er med på rettelista og er usikker på om alle minusteikn som mangla er på plass.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har fått vita frå Universitetsforlaget at boka har kome i eit andre opplag der påviste feil er retta. Dei vil og legga ut ei retteliste for første opplag på nettsida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Reidun SvensliAmanda AAgnete M. HafskjoldHanneEster SKirsten LundReidun GranberggretemorAud Merete RambølAnne-Stine Ruud HusevågHarald KLailaRonnyAnniken RøilPiippokattaTheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNicolai Alexander StyveVariosaIngunn SVigdis VoldEli HagelundedgeofawordsiljehusmorTone SundlandFarfalleLinnDemeterGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenPirelliSynnøve H HoelKorianderNinaChristofer GabrielsenNorahCarine OlsrødNtothea