Midt i denne boka er det ei samling fotografi Jan Erik Vold tok av Hauge gjennom dei 25 åra dei kjente kvarandre. Særleg beskrivande synes eg eit bilete frå Domkirkeruinane på Hamar er. Her ser me ryggen til Hauge og profilen til Rolf Jacobsen - JEV turde ikkje be dei to store stilla seg opp for fotografen.

Dette biletet illustrerer godt denne essay- og brevsamlinga. Vold nærmar seg Hauge frå mange kantar, kjem borti ulike sider av forfattaren, og opnar han for lesaren. Men me ser aldri heile Hauge, i full figur og rett framanfrå. Alltid stykkevis, alltid med tolkingsmoglegheiter, alltid med respekt. I tillegg ser me resten av litteratur-Noreg i kantane, som namn, som diksusjonstema, som kjente.

Det spesielle med denne samlinga må vera breva frå Hauge til Vold gjennom 25 år. Her får me til dels innblikk i forfattaren sitt kvardagsliv, men enno meir i hans litterære liv. Det same gjeld dei attgjevne samtalane mellom dei to poetane, det er ei skattkiste for den som er interessert i Hauge, i poetikk, eller i kva som rørte seg i litteraturen i Noreg i siste halvdel av 1900-talet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Readninggirl30Akima MontgomeryflaEvaPiippokattaHilde VrangsagenAnne Berit GrønbechCecilie69Reidun SvensliKirsten LundAlice NordliAnne LiseEileen BørresenG LTine SundalLisbeth Kingsrud KvistenHarald KAmanda AAnn Helen EmgeSynnøve H HoelFiolNorahBenedicteHeidi LConnieHildeE .Tone HMarianneNDaffy EnglundCarine OlsrødEster SIngeborgBeathe SolbergLailaIngeborg GSigrid NygaardritaolineAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  Haugen