Etter å ha fullført boka sit eg att med blanda kjensler.

I starten vart eg heilt medriven av innhaldet,synest M. Skjelbred skildra svært godt - sett med barneuage - kva vesle Alva opplevde av gleder og sorger dei første leveåra - og ikkje minst kor ho opplevde den tragedien som ramma den vesle familien.

Lenger utover i boka, vart innhaldet her og der noko meir usamanhengande - og for meg - lite truverdig. Innimellom svært gode kapittel kom der deler som eg ikkje heilt forstod formålet med - slik at eg av og til lurte på kva dette har med saka å gjere? Og kapitla heilt mot slutten,kunne eg godt ha greidd meg utan - det verka litt "heseblesande" i forhold til resten.

Det som verkeleg greip tak i meg, var vesle Alva; hennar store sorg over tapet av faren, hennar måte å prøve å takle livet hos den strengt religøse bestefaren og hennar forhold til bestemora og Vakkermannen. Eg vart også fascinert av den rolla eventyret om Tommelise fekk i livet til den vesle jenta - og i romanen. Og sidan eg er vestlending, er ikkje desse svartsynte, religiøse miljøa heilt ukjende...

Det eg likte minst, var den (for meg) ofte ulogiske måten synsvinkelen skifta, dei litt merkelege skifte i tid , og strukturen på innhaldet nokre stader. Nokre kap verka på meg litt meiningslause ( heldigvis ikkje for mange av dei).

Reint språkleg var der også litt å henge seg opp i- med litt for mange klisjear i ein elles god tekst. Eg likte også særs dårleg at mora så lett gav seg over til det livet ho tidlegare rømde frå. Sidan ho ein gong hadde styrke til å forlate det, provoserte det meg at ho aldri får styrken til å vere mor til døtrene sine, sjølv ikkje etter fleire år....

Alt i alt er eg glad eg har lese boka, er fornøgd med at Skjelbred fokuserer på kor negativt det pietistiske og tilsynelatande gledeslause kristenlivet kunne verke på eit lite menneske, og endå vidare på ein heil familie. Så eg endar med terningkast fire pluss!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jeg sitter også med litt blandede følelser, fikk jo virkelig vondt av Alva som ble så kuet av bestefaren og savnet faren så fælt. Mora var jo også et "sorgens kapittel", og litt lite troverdig. Det ble litt for svevende for meg innimellom, men likevel en god bok. Så er jeg da også veldig glad i Skjelbreds bøker.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

IreneleserElin FjellheimHeidiVannflaskeKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsTove Obrestad WøienG LEvaHilde Merete GjessingBeathe SolbergLeseberta_23PiippokattaIna Elisabeth Bøgh VigreHilde H HelsethKarina HillestadTalmaPrunellaElisabeth SveeAnne-Stine Ruud HusevågKarin BergBård StøreTrygve JakobsenIngeborg GCamillaBenedikteJohn LarsenBjørg Marit TinholtTone Maria JonassenlillianerFrøydis H. ÅgedalToveTine SundalJarmo LarsenAnn-ElinMathildeChristineLars MæhlumMartine GulbrandsenIngunnJ