Eg har sett Vildanden på dvd, Fjernsynsteateret si oppsetjing frå 1970, i Arild Brinchmanns regi. Det er vel NRKs flaggskip, dette, større enn alle Erik Byes Vi går om bord på julekvelden, der fedrar og mødrer dukka opp frå alle andre stader enn frå «havsens bund», for der rår Ibsen og Brinchmann grunnen aleine. For meg vil Hjalmar Ekdal alltid vere forbunden med Tor Stokkes tolking i denne oppsetjinga – fantasten, den tragi-komiske og komisk-tragiske fotografen, med ei kone som kan retusjere, nettopp i tråd med temaet i stykket: Å pynte på verkelegheita, å leve på ei livsløgn. Mona Hofland er den jordnære og – derfor – lykkelege, på sitt vis, Gina. Og Ingolf Rogde, da, som gamle Ekdal, han som nedstammar frå to oberstløytnantar (ja, etter einannan, sjølvsagt); eg møtte han – Rogde, altså – ein gong da Riksteatret skulle ha statistar og henta dei frå tredje real. Her er store namn som Georg Løkkeberg og Joachim Calmeyer, også så fint å sjå kanskje den største av dei nålevande, Espen Skjønberg, som Relling. Jo, dette er verdt sine meir enn to timar ved skjermen!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 7 svar.

Da har jeg sett Vildanden jeg også. På dvd.

Fullstendig enig i din entusiasme. Storartet!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den skulle jeg gjerne sett på nytt. Hvor fikk du tak i dvd'en?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein samleboks vart gitt ut i samband med Ibsen-året i 2006. Der finst Et dukkehjem (med Lise Fjeldstad og Knut Risan), Vildanden (med Tor Stokke og Anne Marit Jacobsen), Rosmersholm og Fruen fra havet. Boksen heiter Ibsen på TV, og er gitt ut av NRK. Men så kjem det vanskelege: Kvar eg fekk tak i han? Nei, som Hjalmar Ekdal kan eg ikkje gå rundt og hugse på slike mindre viktige ting - men NRK har vel ein nettbutikk? Kanskje napp der? Han - boksen - har eit nummer: BNA3015556.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Her finner du to Ibsen bokser helt nederst

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for det.
Fine greier.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er det noen sak? Håper at kjellk og andre finn det som dei ser etter her!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg fant, jeg fant.
Har bestilt boksen "Ibsen på TV".
Gleder meg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Tone Maria JonassenKirsten LundSilje HvalstadIngeborg GJohn LarsenKristin_Sigrid Blytt TøsdalEirin EftevandHilde Merete GjessingHilde H HelsethIngunn SsiljehusmorTove Obrestad WøienAgnesJoakimVibekeLene AndresenDaffy EnglundKorianderBjørg L.Aud Merete RambølAstrid Terese Bjorland SkjeggerudElisabeth SveeStein KippersundHarald KEli HagelundNinaMorten JensenalpakkaEirik RøkkumPiippokattaBeathe SolbergSigmundRagnar TømmerstøGro-Anita RoenRisRosOgKlagingIngebjørgKjell F TislevollHeidi LJulie Stenseth