Eg måtte altså dele opp kommentarane mine; her er resten av bolken (II.61 og II.62), der dQ dreg inn i Barcelona – interessant å lese korleis han og SP opplevde å sjå havet. I dag kan ein ta rundturar med båt frå hamna og sjå byen frå havet. Inntoget skjer (i slutten av II.50) påla vispera de San Juan, jonsok; riddarpoesien, seier LAM, brukte dei kristne høgtidene for å strukturer handlinga. Nå ser dQ og SP havet for fyrste gong. Dette representerer ein tydeleg kontrast til tidlegare sinnsstemningar; her er det sol og glede i alle folk.

Så var det II.62, der dQ er hos Antonio Moreno. Dei et, og uttrykket manjar blanco (som W set om med «lyst fuglebrystkjøtt», og det er i hovudsak rett nok) er ein fransk rett, forklarer LAM (og seier at retten i tillegg til fuglebryst består av mjøl, sukker og rismjøl, kva nå dette siste kan bety) - og ein allusjon til «den falske Quijote». Denne Escotillo som blir nemnd, kan vere fleire personar, fortel LAM, så her er ulike teoriar ute og går. Og uttrykket Fugite partes adversae! har faktiske med eksorsisme å gjere (stadig LAM som kjelde): altså, skulle eg tru, at fiendane av korset kunne berre ha seg vekk. Det forheksa hovudet, «la cabeza encantada», har ingen kommentarar i utgåva mi.

Skiltet med «Her trykkes bøker» på - Aquí se imprimen libros - fanst faktisk i Barcelona på tida til Cervantes, men boka Le Bagattelle er ingen kjentd tittel i italiensk bokheim. Artig at dQ kan litt italiensk – det var jo kulturspråket, om ein kan seie det slik, den gongen. At latin og gresk er «las reinas de las lenguas», dronningane blant språka, kan eg skrive under på. Dei titlane som blir nemnde på slutten av kapitlet, er eg er faktiske titlar, men det ser ikkje ut til å vere nødvendig å gå grundigare inn på dei. Likevel: «Annen del av Den skarpsindige lavadelsmann don Quijote av la Mancha, skrevet av en innbygger av Tordesillas» visste visst alle, seier LAM, var eit falskneri.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Fra sidelinjen; venter bare på å få ånden over meg til å lese verket. Håper trådene blir lette å finne etterpå. Leselysten går opp og ned i mente, det er derfor jeg ikke vil binde meg å være med på noen lesesirkel. Har hatt stor fornøyelse å følge med!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

ToveNicolai Alexander StyveTone Maria JonassenKirsten LundSilje HvalstadIngeborg GJohn LarsenKristin_Sigrid Blytt TøsdalEirin EftevandHilde Merete GjessingHilde H HelsethIngunn SsiljehusmorTove Obrestad WøienAgnesJoakimVibekeLene AndresenDaffy EnglundKorianderBjørg L.Aud Merete RambølAstrid Terese Bjorland SkjeggerudElisabeth SveeStein KippersundHarald KEli HagelundNinaMorten JensenalpakkaEirik RøkkumPiippokattaBeathe SolbergSigmundRagnar TømmerstøGro-Anita RoenRisRosOgKlagingIngebjørgKjell F Tislevoll