Twelve Days of Christmas av Trisha Ashley har vore koseleg, avslappande julelesnad. Ikkje stor litteratur, det hallar vel mot chic litt, men er ikkje så verst. Boka handlar om Holly, som er professjonell kokk og i tillegg passar hus der eigaren er bortreist. Ho feirar ikkje jul, for det vekkjer vonde minne. Denne jula skal passe eit stort hus, langt ute på landsbygda i Lancashire. Ho ser fram til å vere åleine, men den eine etter den andre av slektningane til eigaren dukkar opp, og ho endar opp med å stelle til julefeiring for ein heil flokk, sidan det blir eit forrykande snøver, og vegane er stengde. På toppen av alt kjem eigaren av huset uventa heim. Dette medfører ein del problem.....

Eg tykte det var ganske interessant å få innblikk i tradisjonelle engelske, landsens juletradisjonar, sjølv om enkelte kanskje vil meine det blir litt mykje matlaging. Forfattaren har skrive nokre tradisjonelle oppskrifter sist i boka.
Vi får også innblikk i historia til bestemora til Holly gjennom dagbøker som gir ei stor overrasking.
Ikkje stor dramatikk i boka, - men litt. Ein god del humor.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Readninggirl30bandiniBjørn SturødMarit HåverstadAgnete M. HafskjoldMarianne MTurid KjendlieDemeterHanne Kvernmo RyeIngeborg GTor-Arne JensenCarine OlsrødAnneBeathe SolbergKari MeretePi_MesonPiippokattaKirsten LundTorill RevheimBjørg RistvedtHarald KLinda NyrudTone SundlandIngunn SJulie StensethSolveigMonica CarlsenJBStine SevilhaugTone HRufsetufsaEgil StangelandsvarteperMargrethe  HaugenTine SundalHildeToveHeidiTine VictoriaHelen Skog