Denne boka les eg for tida i ganske små porsjonar. Det er fullt mogleg, ettersom dei fleste novellene er ganske korte - 3-4 sider. Og forunderlege. Strengt teke utan konkrete poeng - men likevel, poenga er der, som ein skjør tone som blir verande lenge, lenge... Enkle, lettlesne historier, fulle av undertoner... Ein gammal komponist som snakkar ordentleg vakse til den vesle guten, med respekt, eit møbelkjøp på Ikea, ein mann som vert påkøyrd... Store, usynlege mønstre i det daglegdagse...

Eliasson vart dette året tildelt Nordisk Råds litteraturpris for denne novellesamlinga. Han var også nominert i 2002 for Gula húsið. Den danske avisen Politiken omtala han som ein islandsk Raymond Carver, dvs. forfattar av minimalistisk og konsentrert prosa.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Beate KristinMalinn HjortlandLinda NyrudAndreaTine SundalPirelliEivind  VaksvikHilde H HelsethTurid KjendlieMarit HøvdeTone HmarvikkissomniferumLene AndresenHelge-Mikal HartvedtHarald KElinBeEgil StangelandKirsten LundHanneDemeterritaolineVanja SolemdalOdd HebækHallgrim BarlaupLailaRisRosOgKlagingKristine LouiseKorianderReadninggirl30Lars Johann MiljemgeBjørg RistvedtJulie StensethSolBjørg L.AvaAgnesrubbelPiippokatta