Juleboka mi dette året blir "Else - en julefortelling" av Alexander Kielland, som er ein av hans mindre kjende romanar og den einaste eg ikkje har lese. Boka stod på leselista i fjor også, men då vart det ikkje noko av. Under den slentrande, humoristiske stilen, som i mangt og mykje minner om Dickens, lurer ein beisk historie, som alltid hos Kielland. Det er samstundes ein slags lokalhistorie for meg - dette er eit miljø som det framleis fanst ein rest av då eg vaks opp, med tanter av det betre stavangerske borgarskap som var fødde på slutten av 1800-talet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Nå blei eg mind på denne boka som eg las for mange år sidan. Else - en julefortelling greip meg sterkt, hugsar eg. Alexander Kielland var ein ypparleg skildrar av personar, miljø og natur. Eg har lese fleire bøker av han. Nyleg las omatt (på lydbok) Garman og Worse. Herleg å friske oppatt denne framifrå gode romanen. Eg har tenkt å lese omatt fleire av bøkene hans.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Stig TAkima MontgomeryMads Leonard HolvikKirsten LundAstrid Terese Bjorland SkjeggerudElisabeth SveeDemeterTerje MathisenEmil ChristiansenFindussiljehusmorÅsmund ÅdnøyNorahEileen BørresenTanteMamieTine SundalJan-Olav Selforsmay britt FagertveitAlexandra Maria Gressum-KemppiRuneLisbeth Marie UvaagBjørg L.Kristin_Jane Foss HaugenKarin BergMorten MüllerPiippokattaLene AndresenElinBeTove Obrestad WøienEllen E. MartoledgeofawordChristofferAQuariuskriraCamillaLailaAnne Berit GrønbechBeathe SolbergMorten Jensen