"I det landet er det og eit vatn med ein natur som det er fortalt noko underleg om; det er kalla Logheehag på deira tungemål. Det vatnet er heller stort, og det har den naturen, at om du tek det treet som sume kallar beinved og sume halv, men som på latin heiter acrifolium, og du set det ned i vatnet, so sumt av det står nede i jordi og noko i vatnet og noko opp or vatnet, då vert det til jarn som står nede i jordi, og det til stein som er i vatnet, men det trestykket som står oppe or vatnet, det vert som før. Men om du tek eit anna slag tre og set det i dette vatnet, so brigdar ikkje det naturen sin.
Dessutan er det to kjeldor der, i det fjellet som heiter Bladma; det er mesta eit audt fjell, men desse kjeldone har ein underleg natur. Den eine kjelda har det laget at om du tek anten ein kvit sau eller eit naut, ein hest eller ein mann som har kvitt hår, og tvær ein av desse i det vatnet, so vert han straks kolsvart. Men den andre kjelda er slik at om ein man tvær seg i henne, so får han snøkvitt hår, liksom han skulde vera ein eldgamal mann, kva let det før er på håret hans, antan det er raudt eller kvitt eller svart".
Seks lange setninger fra "Kongsspegelen", 4. utgåva ved Alf Hellevik.
Viser 3 svar.
Jeg er imponert. Ikke akkurat lettlest stoff.
Da er du lett å imponere. :)
Både ja og nei, tenker jeg.