Vår store kunsthistorikar H.P. L'Orange var relativt ung da han i 1932 gav ut Mussolinis og cæsarernes Rom i billeder fra reguleringen og de siste utgravinger. Det var ikkje Mussolinis styre; den farlegaste motstandaren åt den fascistiske diktatoren, Antonio Gramsci, hadde da sete i fengsel i seks år. Likevel viser nordmannen at han var fascinert (!) av Mussolini og dei arkeologiske utgravingane som statsleiaren sette i gang. Dette blir nyttig lesing om ei interessant side ved mellomkrigstida: På den eine sida kan vi i dag nyte resultatet av utgravingane frå denne tida, og seinare, sjølvsagt, og på den andre sida kjem vi ikkje utanom at utgravingane tente Mussolinis politiske prosjekt: Det han såg som Italias stolte fortid, skulle fram i lyset og gå inn i fascismens ideologi om eit stort Italia. Dette ser ikkje L'Orange i noko kritisk lys; derimot skriv han stolt om korleis han med ærefrykt intervjuar Mussolini ...

Eit interessant tidsdokument, altså, med flotte tolkingar av arkeologiske objekt og ikkje minst sjeldant presise "lesingar" av arkitektur og kunst i byen over alle byar. Glad eg fann denne boka på eit antikvariat i Oslo i vår.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Vigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo LarsenEllen E. Martol