Å få lov til å lese andre sine brev. Tekstar som bare var meint for den eine. Det er som ein står og ser gjennom nøkkelholet. Og ka ser ein? Jo, to menneske som knyttar tynne trådar mot kvarandre. Det går sakte. Det er vart. Den eine vik unna i blant. Åra går og der kjem møtet.

Dette blir ei bok eg kjem til å ha under huda lenge. Kjem tilå ta ho fram, sitere, lese og nyte. For ei kjærleikssoge.

http://fritenkjar.blogspot.com/2011/10/da-sendte-gudene-ham-en-kvinne.html

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Eg ferda nett samlingi, har brukt den som "kosebok" eit par månadar no. Men mot slutten måtte eg setja opp farten, ikkje for å "finna ut korleis det går" - å, so godt å sleppa å "read for the plot"! - men fordi lidenskapen dei to uttrykker, i ein augneblink so forsiktig, i den andre so beint fram, tek tak i ein og held fast. Eg er takksam mot Bodil Cappelen som tillet lesaren å få vera med på kjærleiksreisa deira, med sideblikk til litteratur og kvardagsliv. Er det ikkje dette litteraturen skal handla om? Livet, kjærleiken, litteraturen - ganske enkelt, og so vanskeleg.

http://kortmote.wordpress.com/2012/03/17/magien-i-eit-brev/

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Bente NogvaAgathe MolvikBjørg L.ConnieMorten JensenEli HagelundTrude JensenTorill RevheimIna Elisabeth Bøgh VigreReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagToveThomas KihlmanDolly DuckIrakkLilleviPiippokattaLabbelineTherese HolmHarald KKirsten LundIngunn SKjell F TislevollJørgen NHilde H HelsethcupcakeMads Leonard HolvikSigrid NygaardVegardTone HGrete AastorpLinda NyrudKjerstiHarald AndersenJohn GulfjelletKetilStig TTor Arne DahlLailaSigrid Blytt Tøsdal