Boka er lista under den litt ironiske tittelen "noveller og småplukk" er det ikkje noko småskårent over utvalet. Naturlegvis er ikkje alle novellene like gode og enkelte forfattarar er sårt sakna, men redaksjonen har likevel klarte det sentrale; å visa den enorme variasjonen innanfor engelsk novellekunst i viktoria-tida. Tema frå nekrofili til raseblanding vert framstilt i så ulike sjangrar som gotikk, kriminal, spøkelseforteljing, moralfabel og sosialrealisme. Elles maktar også redaksjonen med stort hell å visa den enorme variasjonen innanfor enkelte forfattarskapet, eller gje glimt inn i forfattarskap som i dag er (ufortent) gløymt. Til dømes er Oscar Wilde representert med novella "The happy Prince" omhandlar moral og nestekjærleik på ein stille og näive måte. Ein kontrast til alt det rampete og sjølvopptatte ein elles forbind med Wilde. Andre noveller som særleg må trekkjast fram er "Markheim" av Robert Louis Stevenson og "In dull brown" av Evelyn Sharp.