Sjølv om eg ikkje deler så svært mange av Pollestad sine synspunkt, verken av religiøs eller politisk karakter, har eg sansen for han som person. Han er ein av dei ytterst få geistlege som maktar å framstilla seg sjølv med eit snev av humor og livsgnist. At mannen skriv godt er det heller ingen tvil om, og dei mange referansane til litteratur og kunst er ofte ein uventa knaskepose. Likevel er eg usikker på kva eg syns om denne boka. Ein del av problemet ligg nok i dialogformen, eller kanskje meir presist dei to personane som snakkar saman. Dei er bevisst konstruert på ein slik måte at ein skal heile tida kjenna den emne smaken av tilgjorte kontrastar. Denne såkalla "heidningen" som skal vera representant for den moderne, vestlege samfunn kjende eg meg svært lite igjen i. Særleg påfallande var det i kapittelet om sex og kjønnsmoral. Etter å ha lese nokre av dei publiserte dagbøkene til Pollestad, har eg forstått at han i lang tid var fast sjåar av tv-serien Hotell Cæsar, ikkje for underhaldning men for samfunnsanalyse. Då er det sjølvsagt at resultatet for den verdsnaive pateren vert deretter. Den gudlause heidningen konstaterar at han har 1. vore saman med ei kvinne som med hans samtykke tok abort 2. hatt samleie med over 100 kvinner 3. hatt seksuell kontakt med ein ven av same kjønn. Dei top 3 syndene den katolske kyrkja rettar peikefingeren mot. Veldig passande altså. Dialogen vert også forvirrande då samtalepartneren "Peter" etter kva eg forstår både skal vera fiskaren Peter; læresveinen åt Jesus, samt ein metafysisk manifestasjon av alle pavane frå den gong fram til i dag, og talsperson for den katolske kyrkja som institusjon. Difor vert det ofte vanskeleg å vita kva synspunkt som er av historisk art dvs Peter sine meiningar, og kva som er kyrkja sine meiningar pr i dag. Og naturlegvis i kva grad Pollestad, som representant for denne kyrkja, deler desse meiningane.

At homo religicus og den kristne kulturarv er noko negativt eller latterleg syns eg som Pollestad er ein lite reflektert påstand. Me er alle kultur-kristne. Men bortsett frå dette skjønar eg ikkje heilt kva Pollestad VIL med boka. Er det kun refsing av dekadent, vestleg livsførsel, eller indirekte promotering av det katolske kyrkjesamfunn? Det rørar også ved ein undertone i boka som eg ikkje likte; at ei inderleg personleg tru er vanskeleg, nærast umogeleg utan også vera underlagt ein religiøs institusjon, i dette tilfellet den katolske kyrkja. Det er kanskje ein naturleg konsekvens av å vera katolikk, men mot Pollestad sin svært pessimistiske samtidsanalyse (som han elskar å nytta som ynskjekvist for alt som er galt) kan det innvendast at Gud, sogår i primært kristen påkledning, sit lunt til i mange menneskehjarte i verda, i Vesten, i Noreg. Sjølv om dei ikkje naudsynleg går i kyrkja eller bles på dommedagsbasunar ved kvart gatekryss.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Violeta JakobsenHarald KsomniferumPiippokattaStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaiken