Boka er delt i fire hovuddelar, "I hjemmets lune hule", "Ikke akkurat gastronomi", "Fritid" og "Vår materialistiske hverdag". Innan kvar av desse delane er det kortare kapittel med forklaringar. Stort sett er det knytt til kvardagslege ting, som til dømes kva som skjer kjemisk når ein brukar oppvaskmiddel eller steiker kjøt.

Forfattaren forklarer det meste utan å bruka kjemiske formlar og reaksjonslikningar. Dette er nok med på å gjera det lettare å forstå for folk som ikkje har noko særleg kjemikunnskap frå før. Dette er ei bok som egnar seg for den som vil lesa om kva rolle kjemi spelar for oss i det daglege.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Eg held no på med boka Alt er kjemi. Den egnar seg nok for dei som vil ha litt meir avanserte forklaringar på kjemien til vanlege eller viktige stoff enn det som er gitt i "En cocktail av kjemikalier".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Guri malla. Tenk du her har jeg gått i flere år og ønsket meg en bok om "kjemi på kjøkkenet". Synes du den var god, mener da mer enn brukbar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg synest det var ei god bok som gir ein lettforståeleg forklaring og tek opp varierte tema. Forfattaren har og formidla kjemi mellom anne i Verdt å vite.

Tekstane om kvart enkelt tema er ganske korte og det var ein del trykkfeil innimellom. Sidan eg alt kan ein god del kjemi, kunne det vore interessant å lesa meir om ein del tema. Boka har litteraturliste bak og det ser ut til at eg finn tips til vidare lesing her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Reidun SvensliAmanda AAgnete M. HafskjoldHanneEster SKirsten LundReidun GranberggretemorAud Merete RambølAnne-Stine Ruud HusevågHarald KLailaRonnyAnniken RøilPiippokattaTheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNicolai Alexander StyveVariosaIngunn SVigdis VoldEli HagelundedgeofawordsiljehusmorTone SundlandFarfalleLinnDemeterGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenPirelliSynnøve H HoelKorianderNinaChristofer GabrielsenNorahCarine OlsrødNtothea