Eg har nyleg lese ferdig Egils soga - soga om Egil Skallagrimsson, Islands store poet frå norrøn tid. Sjølv for meg, som har ein ekstra interesse for norrøn tid og også har studert litt norrønt språk, kan det ofte vera eit ork å ta fatt på ein saga, særleg om den er så omfangsrik som Egils soga. Etter å ha byrja og lagt boka frå meg ei rekkje gongar kom eg først i gong med eit brak i august, då eg var på Island. I Reykjavik kjøpte eg Penguin-utgåva av Sagas of Icelanders - og no vart det endeleg fart på sakene, godt hjulpe av at eg også besøkte Borg, staden der Egil budde for meir enn tusen år sidan - og like godt hjulpe, kanskje, av at eg fekk sjå fleire av dei kjende islendingesagaene i original - først då gjekk det til fulle opp for meg kva fantastisk bragd denne litteraturen i røynda er, både litterært, historisk og ikkje minst den reint fysiske måten den vart til på - skrive på strekt kalvehud, med fjærpenn og blekk av plantefargar, av skrivarar som stod eller sat ved høge pultar time ut og time inn, dag etter dag, veke etter veke, og skapte dei fantastisk vakre manuskripta.

Men for ein nordmann å lesa sagaene på engelsk? Det vert omlag som å lesa Bibelen på engelsk. Det er berre slikt ein ikkje gjer.

For meg viste det seg å funka som berre det. Som regel likar eg ikkje dei norske omsetjingane, som gjerne vert omsette i tilgjort arkaisk stil. Penguin-utgåva var fri for det, ho var på moderne dagligdags engelsk. Her vart me ført inn i Egil si verd på 900-talet, og det i ein slik grad at eg på ein måte kjende det som eg las om ein mann i vår eiga samtid. I tillegg lasta eg den norrøne teksten ned frå nettet og følgde med i den på Kindle'en min.

Og dermed vart den omfangsrike soga rulla opp, i all sin velde - om poeten og krigaren Egil, son av Skallagrim, stygg som nøkken, brutal og hard, snar til å slå i hjel, ein djevel av ein diktar. Sitt første drap begår han som 11-åring. Diktar gjer han frå han er endå yngre. Han lever eit liv snart frå den eine staden, snart til den andre, stundom ved hoffet, stundom som fredlaus, stundom på garden sin på Island - ofte er han i viking og herjar, i austerveg som i vesterveg. Og undervegs diktar han det eine kvadet etter det andre - som det vidkjende Hofuðlausn, eller Hovudlausn, som han lagar i desperasjon for å berga hovudet etter at Eirik Blodøks har dømd han til døden.

Det er svært mykje action i Egils saga. Og ein moderne lesar oppdagar snart den enorme avstanden det er til 900-talet, ikkje berre i tid, men også i kultur. Personleg kjend med diktaren Egil Skallagrimsson vert du neppe. Også dikta er stengde for innleving, sjølv om dei høyrer til det ypperste frå den norrøne litteraturen.

Forfattaren av soga er ukjend. Ein teori går ut på at den vart skrive av Snorre Sturlason. Men det veit ein ikkje.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

TheaG LReidun SvensliNikkaDaffy EnglundBerit RSigrid Blytt TøsdalRolf IngemundsenPiippokattaMarie HolterEvaHanne Kvernmo RyeJulie StensethEileen BørresenTove Obrestad WøienChristinaLinda RastenAnn Christinmay britt FagertveitLene AndresenHarald KAnniken LTanteMamieDemeterEllen E. MartolReidun Anette AugustinIngunn SBjørg L.Bjørg  FrøysaaRune U. FurbergIna Elisabeth Bøgh VigreDinaEster SmgeVannflaskeSynnøve H HoelRufsetufsaKristine87ritaolineCamilla