Då ser det ut som eg er førstemann ut! Nicholas Nickleby er ei historie eg trudde eg kjende frå før, men no ser eg at eg umogleg kan ha lese boka. Likevel er det skikkelser her som eg kjenner: den brutale skulehaldaren Squeers og hans hjarteråe kone, den stakkars åndelege krøplingen Smike og sjølvaste vidunderbarnet - "the infant phenomenon". Kort sagt, heile spekteret av uforgløymelege Dickens-karakterar!

Så langt er dette berre ei løypemelding. Etter å ha lese dei første 7-8 kapitla på Kindle gav eg opp og kjøpte ei pocketutgåve i staden, stadig på engelsk. Skulle likevel ønskja at eg hadde ei norsk omsetjing. Eg er no kome til kap. 12 - altså berre i byrjinga av soga. Men her er alt duka for ei Dickens-forteljing av beste merke - vonde menneske, gode menneske, minst eitt mysterium (kvar kjem eigentleg Smike frå - og kva dyster løyndom ruger den kyniske onkelen Ralph Nickleby på?) Dickens gjev seg god tid før me kjem så langt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 5 svar.

Jeg har ikke kommet i gang med Nicholas Nickleby enda, men har fått den varmt anbefalt av en trofast Dickenselsker (leser hans samlede omtrent annnet hvert år). Hun, min bokvenninne, mener Dickens utforsker hver av våre menneskelige laster i hvert verk. Hvilken last er det i Nicolas Nickleby??

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Etter ein lang ferie er det tid for å venda tilbake til kvardagen og Bokelskere igjen! At Dickens utforsker ein last i kvar bok er ein ny tanke for meg - men kanskje det er rett. I Nicholas Nickleby er det mogleg det er grådigheit, eg veit ikkje. Men det eg veit, er at dei lastefulle "vonde" menneska hos Dickens er mykje meir minneverdige karakterar enn dei "gode", som er heller bleike og teikna med nærast gjennomsiktige fargar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg skal "forske" på saken! Treffer dessverre ikke min Dickensekspert så ofte, men kommer tilbake med mer etter hvert.

Pickwick-klubben - kan det være fråtsing???

Med to interessante tråder (Dickens og Ibsen) + forberedelser til Madrid, blir min lesing for tiden nokså usystematisk! Ligger langt etter med Dickens.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Pickwick-klubben - definitivt naivitet, livsflukt på den eine sida - skjønt, livsglede på den andre. Pickwick-klubben er jo berre til å bli glad av, ikkje særleg mye galt der!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er jeg selvfølgelig absolutt enig i!!
Artig at du grep fatt i dette :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

ellinoronillesiljehusmorEmil ChristiansenTove Obrestad WøienJan-Olav SelforsKikkan HaugenHilde Merete GjessingBeate KristinHilde H HelsethMarit AamdalKirsten LundKaren PatriciaVannflaskeGladleserTorill RevheimNina M. Haugan FinnsonIngunn SCatrine Olsen ArnesenSigrid Blytt TøsdalRisRosOgKlagingJakob SæthreHeidi LBjørg L.Ann EkerhovdHeidi BBHarald KSiljeJarmo LarsenBerit RNinaTanteMamieAnne-Stine Ruud HusevågsvarteperNicolai Alexander StyveBård StøreAlice NordliAnniken LSteinar HansenToveTor-Arne Jensen