Eg har nyss vore i Peer Gynts rike, både i Sødorp og i Sel. Fint då å ha med Sverre Mørkhagens Peer Gynt – historie, sagn og «forbandet Digt» – opp hit. Mørkhagen skriv om heile bakgrunnen for Ibsens dramatiske dikt, og han har eit etter måten sjølvstendig grep om mykje av stoffet, særleg der han vurderer dei ulike segnene opp mot einannan og i lys av historiske kjensgjerningar, og ikkje minst bakgrunnen for at dei – via P. Chr. Asbjørnsen – hamna hos Ibsen saman med mykje anna stoff, fyrst og fremst tekster av Sels store son Paul Botten Hansen.

Ein del av boka er litt unødvendig, i og med at særleg kapitla om Ibsens arbeid med verket og den mottakinga som det fekk ikkje inneheld noko nytt. Boka har dessutan ein del merkelege innslag, som udobla sitatteikn i staden for apostrof, feil bruk av komma i staden for semikolon, feil bruk av adjektivet bramfri (Peer Gynt var nemleg alt anna enn bramfri!) og feilstaving av substantivet grammatikk (!). Men det som sit att, er den grundige behandlinga av segnene.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Eg har vore på Peer Gynt-stemnet i år (2012) òg, og sett Ibsens Peer Gynt som dans og teater. Dansen skjer i Fryajuvet; dei høge fjellskrentane ned mot kulpen i elva Frya eignar seg ypparleg til kulissar for enden på det bukkerittet som Peer lyg på seg. Plask! (det er ei dokke, altså, som fell ned) – og sån er dei i gang. Dansen dekkjer den fyrste tredelen av det dramatiske diktet, handlinga er lett å følgje, i ei veksling av poesi og akrobatikk og moderne teknologi som ordnar kunstige ras nedetter fjellveggen. Så vakkert å sjå Peer Gynt som dans, men så gir da teksten grobotn for oppfølgingar i alle sjangrar …

Som i Fryajuvet er naturen kulissar på friluftsscena ved Gålåvatnet. Vi et marrokansk middag i Amiyras telt før vi ser Denis Storhøi utfalde seg. For ein prestasjon! Han er den unge og den gamle Peer, med den same (manglande) kjernen, men òg i utvikling fram til Solveigs fang. Jo, det fungerer med blanding av Gudbrandsdal – Peers heimtrakter; her er det også ekte dølemål i fyrste akt – for eit par hundre år sidan og dagens turbokapitalisme med fly og bil. For Peer er både døl og «Verdensborger af Gemyt», han er i fortid og han er i notid – han «både rommer og rammer oss,» som eg har hørt Inge Eidsvåg seie. Visst kan midtdelen vere moderne – men ein del replikkar med referansar til Ibsens samtid er kutta ut, m.a. dei som tydeleg viser at Peer er krigsprofitør. For det er nettopp her, i krigen, at aktualiteten fyrst og fremst ligg: dette landet, som Ibsen sa var vanskeleg å ha til fedreland, er jo i krig, det, i Afghanistan. Så blir dette ein ibsensk-ironisk kommentar til at regjeringssjefen blir årets Peer Gynt – eg har aldri skjønt at det er noko å trakte etter å bli Peer Gynt! (men misforstå ikkje: statsministeren fortener så absolutt ein pris for måten han handterte situasjonen på etter terrorangrepa). Jo, Peer Gynt er stadig med oss og i oss …

Eg merker meg forresten eit uttrykk som eg ikkje har tenkt over før. Peer seier, i siste handlinga:

Hm, jeg sidder heller ikke fast i Sadlen;
jeg er udstødt, kan man sige, af Selvejer-Adlen

«Selvejer-Adlen»! For eit ord – med dobbel botn!

Og forresten: Aldri har eg eg sett så vilt eit troll som Charlotte Frogner i rolla som den grønnkledde!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

IngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer SmedaasRoger MartinsenTove Obrestad WøienBjørg Marit TinholtkntschjrldHanne Kvernmo RyeLene AndresenLeseaaseSissel ElisabethTurid KjendliemgeelmeKjerstiFindusGrete AastorpBerit RStine SevilhaugTherese HolmBeathe SolbergHarald K