Under eit opphald på Vertshuset Sinclair i Kvam kom eg over denne vesle boka, omsett av Tone Formo. Forfattaren, Thomas Michell, var britisk generalkonsul i Noreg i Oscar IIs regjeringstid og gav ut boka i 1886, på engelsk, sjølvsagt.

Michell går grundig igjennom alle kjeldene han kan komme over om toget av skotske soldatar som skulle gjre teneste i den svenske hæren i Kalmarkrigen, og som vart stoppa av bøndene frå Vågå, Lesja og Lom ved Kringen. Ja, stoppa og drepne, mange av dei - og resten vart for det aller meste avretta dagen etter.

Det ser ut til at forfattaren klarer balansegangen mellom kjensgjerningar og segner. Ein styrke ved boka er nettopp kjeldedokument, i alle fall dei som står på engelsk og latin, men der segnene blir eit misfoster av moderne bokmål og dansk, i og med at omsetjaren moderniserer rettskriving og bøying, men ikkje ordtilfang og syntaks. I dag, når så mange av oss les engelsk, hadde det nesten gjort seg med ei utgåve med Michells engelske original og dei norske segnene på eldre dansk.

Men det er no så. Eg er fornøgd med handelen og har lært mykje om ei interessant historisk hending i heimfylket.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 2 svar.

[ Slettet av bruker ]

Som det står: På vertshuset Sinclair i Kvam. Du får ringe dit og undersøke, kanskje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Elin FjellheimMarianne  SkageGrete AmundsenNorahToveJohn LarsenHelge-Mikal HartvedtTraltePiippokattaKjell F TislevollLailaReidun SvensliReadninggirl30Cathrine PedersenBeathe SolbergKirsten LundDemeterChristofferMonica CarlsenRisRosOgKlagingLars MæhlumHilde H HelsethBård StøreAnne Berit GrønbechMarteSynnøve H HoelLisbeth Marie UvaagrubbelLinda NyrudSolBjørn SturødAlice NordliGro-Anita RoenTore HalsaAleksanderAnniken RøilPer LundAkima MontgomerySigrid NygaardJørgen N