Så rart: Same kor mange gonger eg les eller ser eit skodespel av Ibsen, oppdagar eg nok nytt. Denne gongen vart eg ståande – eller rettare sagt: sitjande, på verandaen – der Nora i sluttscena ser ufravendt på [Helmer] og siger med et stivnende udtryk. Ja, nettopp: stivnende. I dette valet av presens partisipp - stivnende - framfor perfektum partisipp (stivnet) har Ibsen gitt oss nøkkelen til stykket, til det som mange har kritisert han for: at Nora brått skal endre seg frå ekorn til handlande menneske, berre over natta, og ikkje dét eingong.

I dette stivnende frys (nesten) Ibsen fast den utviklinga som Nora gjennomgår. Dette krev stor skodespelarkunst; eg trur nesten at Lise Fjelstad klarte jobben i Fjernsynsteatret si oppsetjing. For dette dreiar seg ikkje om ei brå endring. Men dette kjem ikkje brått. Nora og Helmer har vore gifte i «otte år», seier ho, og når teppet går opp, speler ho lerkefugl. Handlingane til mannen, og særleg reaksjonane hans på brevet, utløyser ein latent innsikt i ekteskapet, i mannen, i seg henne sjølv og – om enn gryande og fragmentarisk – i samfunnet. Og forvandlinga har vore førebudd, for Nora har, utan at mannen veit det, hatt kontakt med det pulserande livet – nesten arbeidslivet! – utanfor dokkeheimen, noko som nok har vore med på å forme henne og gjort henne klar for opprør.

Mennesket har rett til å frigjere seg, seier stykket. På ny – jf. Samfundets støtter - møter vi forskjellen mellom overflate og røyndom. Nora støyter mot den borgarlege moralen når ho prøver å frigjere seg, og slik får Ibsen avslørt endå meir av det samfunnet han så fint – innanfor sin horisont – avslører. Derfor blir ikkje stykket fyrst og fremst kvinnesak, men menneskesak. Men sjølvsagt: Han valde ei kvinne som hovudperson fordi kvinna – eksemplifisert gjennom Nora – var dobbelt undertrykt.

Fordi eg denne gongen las stykket saman med kommentarane i «Henrik Ibsens skrifter», fekk eg opna auga for ein større samananheng mellom Dickens og Ibsen en eg hadde vore klar over (og eg har sett korleis Ibsen i Samfundets støtter nyttar motiv i Hard Times). Flott! Og takk til kjellk for å ha funne lenkje til den alternative slutten på stykket.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Eg har i kveld sett Et dukkehjem på dvd - fjernsynsteaterversjonen frå 1973 med Lise Fjeldstad og Knut Risan. Fjeldstad er ei av dei få i hovudrolla som får fram ei truverdig utvikling hos Nora - korleis ho speler til å begynne med fordi ho har vorte pressa inn i rolla som dotter, ektefelle og mor, for så, gjennom Helmers reaksjonar på breva frå Krogstad, innser samanhengen. Sjå berre på auga hennes!

Eg beit meg forresten merke i ein replikk eg ikkje hadde tenkt så mykje over før: På spørsmålet om ho ikkje ser utvegar, seier ho at ho ikkje ser nokon utveg som ho har lyst til å bruke ("til å benytte meg av") for å komme på fote økonomisk. Sjå dette i samanheng med det ho seier om at ei heimeverande mor lett kjem i kontakt med nesten "legekyndige koner", der samtalen dreier seg om sjukdommen til Rank, og vi får inntrykk av at lerkefuglen ikkje er så fremmend for heilt andre sider ved livet enn dei som dokkeheimen byr på. Dette er sterke saker.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Kikkan HaugenHilde Merete GjessingBeate KristinHilde H HelsethMarit AamdalKirsten LundKaren PatriciaVannflaskeGladleserTorill RevheimNina M. Haugan FinnsonIngunn SCatrine Olsen ArnesenSigrid Blytt TøsdalRisRosOgKlagingJakob SæthreHeidi LBjørg L.Ann EkerhovdHeidi BBHarald KSiljeJarmo LarsenBerit RNinaTanteMamieAnne-Stine Ruud HusevågsvarteperNicolai Alexander StyveBård StøreAlice NordliAnniken LEmil ChristiansenSteinar HansenToveTor-Arne JensenEileen BørresenMarianne  SkageBenedikteMartin