«Stille flyter Don» er tittelen på den norske utgåva (omsett til bokmål av Ivar Digernes) av Mikhail Sjolokhovs Тихий Дон, «Den stille Don». Fire bind om dei omfattande endringane i det som var Russland til det som vart Sovjetunionen: Den fyrste verdskrigen, slutten på tsardømmet, Oktoberrevolusjonen og borgarkrigen. Det store ved Sjolokhov (mange meinte lenge at han hadde stole romanen frå ein annan forfattar, Fjodor Krjukov, men den norske professoren Geir Kjetsaa leverte det endelege beviset for at verket fullt og heilt var Sjolokhovs eige) er at desse verdshistoriske hendingane blir bakgrunn for og del av livet til kosakken Grigorij Melekhov. Her får vi familiekonfliktar og strid mellom den gamle og den nye tida, alt vove saman til eit samspel mellom menneske og historie. Skildringa av dei turbulente kjærleiksforholda er meisterlege. Heile romanserien er komponert med eit sikkert grep som framstiller menneskets situasjon og val i ei omskifteleg tid. Og språket, då: Ingen kan som Sjolokhov bruke asjektiv og adverb for å krydre og levandegjere skildringane! Ikkje rart han fekk nobelprisen. Filmatiseringa har eg dessverre ikkje sett, men optimist som eg er, håper eg å få det til ...
Viser 1 svar.
Skjønner at disse bøkene kan være noe for meg, og takker så mye for boktipset.
Jeg fant de for kort tid siden i en bruktbok butikk, måtte bare ha de selv om nr 1 ikke var der. Jeg har god tid, skal ikke se bort fra at den kan dukke opp en dag.