I dei seinare åra har det kome ein del såkalla grafiske romanar, eller "teikneserieromanar", i bibliotek- og bokhandlarhyllene. Eller kanskje me rett og slett skal kalla dei "biletromanar"? Bøkene er gjerne berekna på ungdom og vaksne, og kan vera like innhaldsrike og krevjande som ein "ordentleg" roman. Ein grafisk roman kan gje deg ei oppleving utanom det vanlege.

Ein favoritt for mange er Jason sine bøker. Dei finst det fleire av. Jason er ein norsk teikneserieskapar som har gjort stor suksess på den utanlandske bokmarknaden, ikkje minst i USA der han har vore nominert til ei rekkje viktige prisar. Den karakteristiske hunden som går att i bøkene hans er lett å forhalda seg til. Historiene er minimalistiske, dvs. at det ikkje finst overflødige ord eller teikningar i dei. Bøkene til Jason har ei eiga stemning som du lett blir hekta på. Eit av meisterverka hans er "Jernvognen" frå 2003, etter den klassiske krimromanen av same namn som vart skrive av Stein Riverton i 1909. Jason har ikkje laga ei erstatning for boka, men ei tolking av den. Her har han makta å skapa den same uhyggelege stemninga som i romanen. Finn fram til ei av Jason sine bøker - du vil snart slutta deg til skaren av fans.

Ein annan sterk biletroman, om enn på eit ganske anna plan, er den amerikanske boka "Husfred" som kom på norsk i 2007. Det dreier seg om ein sjølvbiografisk historie om ei jente som etter kvart oppdagar at ho er homofil, og som også finn ut at faren hennar er det. Men medan ho sjølv godtek legninga si og står fram som lesbisk, vert faren sitjande i skapet - eit skap han byggjer eit heilt hus rundt. Han driv nemleg med ei manisk restaurering av det gamle huset dei bur i og fiksar opp den store eigedommen deira - og han byggjer dessutan opp eit imponerande bibliotek, både kva bøker og interiør angår. I kjellaren held døden til, i form av gravferdsbyrået han driv (som i "Six feet under"). Det er ein heim kor husfreden rår, i ironisk tyding av ordet. Far og mor snakkar lite saman, dei viser aldri kjærleik til kvarandre - og unngår fysisk kontakt med dattera. Alt handlar om å byggja ein praktfull eigedom og restaurera huset - halda ein "fasade" - medan han lever ut legninga si i skjul, noko som får tragiske følgjer både for han sjølv og andre. Far og datter finn etter kvart fram til kvarandre på eit vis, gjennom litteraturen - men for seint. Han vert påkøyrd av ein lastebil og drept. Skuldast det ei ulukke - eller er det sjølvmord? Og dattera tenkjer: om no far hadde levd ut legninga si, ja, då eg ville eg neppe vore fødd.. Boka er teikna og skrive av kunstnaren Alison Bechdel, og vart kåra som årets bok i USA 2006. 

Teikningane, forteljarmåten og stemninga - og lengda - minner mykje om Craig Thompson sin bestseljar "Tepper" (på norsk 2006), som er ei romantisk historie om den første store kjærleiken.  Også denne biletromanen er delvis sjølvbiografisk . Hovudpersonen veks opp med sin bror i ein religiøs familie. Han tenkjer på å bli prest. På ein kyrkjeleir møter han Raina. Den vare og vakre skildringa av den intense forelskinga mellom dei to er sjeldan kost. Samstundes vert det også fortald ei anna historie, om den evnerike hovudpersonen sin kamp for å bli kunstnar og lausriving frå familien. Mange som har lese "Tepper" seier at det er den finaste boka dei har lese.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg L.Kirsten LundKristin_Jane Foss HaugenKarin BergMorten MüllerMads Leonard HolvikPiippokattaLene AndresenElinBeTove Obrestad WøienEllen E. MartolDemeteredgeofawordChristofferAQuariuskriraStig TCamillaLailaAnne Berit GrønbechBeathe SolbergMorten JensenIngunnJKari ElisabethLars MæhlumIna Elisabeth Bøgh VigreReidun SvensliMaikenEster SNorahRandiGrete AastorpJulie StensethBård StøreEgil StangelandKristinVibekeG LMarianne  Skage