Halldis Moren Vesaas:
TUNG TIDS TALE
Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi. Eig du lykka så er ho ikkje lenger berre di. Alt det som bror din kan ta imot av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din, må du ta på deg. Det er mange ikring deg som frys, ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
Hender finn hender, herd stør herd, barm slår varmt imot barm. Det hjelper da litt, nokre få forfrosne, at du er varm!
Viser 1 svar.
Det er mye bra å finne hos de gamle forfatterne våre. Her er et sitat til:
... men utan draumar er vi ingen ting; av voner og draum er live vevd. Bakom vona er andre voner, elles kunde ho ikkje vera til.
Fra "Medmenneske" av Olav Duun.