Ja, og denne børa er vel førebudd. Jo fleire gonger ein les eit verk av Ibsen, desto meir ser ein samanhengar - dette gjeld også her. Etter få sider er vi rett oppe i alt saman: pengar, lån, arv og kvinnas stilling i ekteskap og samfunn. Og sjå korleis Ibsen utnyttar rommet med dørene, der nokon går inn og andre ut - heile tida, nesten. Dette skapar bokstavleg talt dramatikk; opptrinn etter opptrinn, replikk etter replikk, har ein dobbel funksjon - både å avsløre fortida og samtidig drive handlinga framover.
Viser 1 svar.
I andre akt blir skruen skrudd hardare til: Helmer seier opp Krogstad, og Krogstad kan øve større press på Nora. Når Nora snakkar med Rank, opplever ho noko anna enn når ho snakkar med ektemannen sin: DEi er fortrulege, dei er jambyrdige ...
Legg merke til at Nora ber om at lampa skal setjast inn. Det er samanheng mellom alle scenetilvisingane og temaet i stykket!
Forresten: Eg har lese mykje om Ibsen og dette stykket men eg kan ikkje hugse at nokon har kommentert desse "halvvejs lægekyndige" fruene som Nora seier at ho har omgang med: "Pyt, - når man har tre børn, så får en undertiden besøg af - af fruer, som et så halvvejs lægekyndige; og de fortæller en jo et og andet." Ho tek seg i det; ho rettar på seg sjølv - ho endrar på setninga og seier at det er "fruer" ho får besøk av. Kva hadde ho tenkt å seie fyrst? Og kva er det slike "fruer" veit om anatomi og helse? Driv dei med abort? Er det til dette miljøet (som Regine i Gengangere) at Nora går når tredje akt sluttar? "Jeg spørger helst, ..."