Så rikt og frodig om livet i Provence for ein del tiår sidan. Levande personar - og ei hemmelegheit som enno ikkje blir avslørt, her i bind 1. Eg liker Marcel Pagnol og folkelivsskildringane hans. Bøkene om Jean de Florette er stramme og reint ibsenske i kompososjon! Men der personane hans kjempar mor ein uavvendeleg "lagnad", tek personane hos Ibsen kampen opp mot sosioøkonomiske strukturar og følgjene av dei ...
Men her er kritikk; kom ikkje der. Landsbyfolka veit om kjelda, men ein hjelper då ikkje folk frå byen, ein går då ikkje inn for noko moderne - "on ne se mêle pas dans les affaires des autres" ...
Og så filmane, da! Det angar av sol og stein og urter og liv, blomar, vin og sikadar - og i dag går den fyrste av dei to filmane i fjernsynet. Ingen filmar har eg sett så ofte! Så då er det berre å forte seg i butikken og setje seg klar med litt fransk kvitvin og nyte stor filmkunst, med Gérard Dépardieu, Yves Montand og Daniel Auteul (sjå på auga hans!), favorittane mine, alle saman ...
Viser 1 svar.
Er så enig,så enig, boka er så Provence som bare ei bok kan bli ved å skildre livet og menneskene der. (har boka til salgs)
Oppfølgeren "Manon og kilden" er også ei flott bok.
Ok da, så får jeg holde meg innomhus den stunda filmen varer, vil ikke gå glipp av den.
Takk for filmtipset Kjell, jeg hadde nok ikke oppdaget det av meg selv :)