Dylan kan skriva prosa også. Eit ledigt språk, fine bilete, gode metaforarar, han overraskar stadig vekk. Boka har fem kapittel, som er punktnedslag ymse stader i livet. Soleis er ikkje tittelen Memoarer heilt god, men å finna ei dekkande omsetjing for den engelske Chronicles er nok ikkje lett. (Forslag?). Dei fem kapitla fortel m.a om første tida i New York (60-62), folk han møtte, kjærestar(m.a. Suze Rotolo), kva som påverka han (han er lik ein svamp, syg alt til seg), andre visesongarar på den tida. Nokre kapittel fortel om omstenda kring eit par innspelingar: New Morning og Oh Mercy.

Det er interessant å lesa korleis han på 70-talet kjempa mot biletet media skapte av han, biletet av ungdomopprøraren. Og ein bagatell, men likevel interessant:Han kjem med ei forklaring på kvifor han valde Dylan-namnet.

Nokre stader kan det kanskje vert litt mykje oppramsing av einskildpersonar og/ eller grupper, men dylanologane skal vel også ha sitt å grava i? Det er inga stor innvending.

Sist vinter inngjekk Dylan kontrakt om å skriva seks (sic!) nye bøker. Eg gler meg.

Godt sagt! (4) Varsle

Viser 1 svar.

Jeg venter og venter, når kommer del ll ?

Godt sagt! (2) Varsle

Sist sett

Reidun Anette AugustinKirstenEirin EftevandRavnSiri HelsethflaPiippokattaTor Arne DahlJannaJulie StensethIreneleserAvamarvikkisalpakkaKaramasov11Jan-Olav SelforsKjetilHeidi Nicoline ErtnæsHarald KBjørg L.Tonje SivertsenSisselVeronicaKLisbeth Kingsrud KvistenHeidi BLaddenVidar RingstrømgretemorToveSiv Jane HettervikJohn LarsenFindusIna Elisabeth Bøgh VigreKristin_Tine SundalBenteKaren RamsvikToneDemeterIngunn S