Eit særs interessant og tankevekkjande innlegg. Eg trur nok elles at innlegget / spørsmålet mitt er blitt litt misforstått av mange, evt. er det eg som ikkje rakk å spissformulera saka godt nok.
Men saka er den - som du eigentleg også skriv - at papirboka framleis er premissleverandøren, dvs. at papirboka er det mediet som elektroniske tekstar legg opp til å likna for å kallast ei "bok". Spørsmålet mitt vert då om ein tekst, gjerne ein tekst som gir seg ut for å vera ei e-bok, framleis er ei "bok" når teksten berre finst elektronisk og ikkje på papir?
Eit anna poeng, henta frå musikkhistoria: før var det slik at musikken sitt medium for formidling var noter. No kan musikk formidlast også på anna vis, via innspeling i studio - og denne nye formidlingsmåten har også ført til ny musikk og nye klangar - den har rive seg laus frå noter som einaste formidlingsform.
Takk for kommentaren!