Nobelprisklasse synest eg ikkje at det er over den siste (per sommaren 2011) romanen til Mario Vargas Llosa, men El sueño del celta var vel verd å lese likevel, særleg når målet er å få auka innsikt i forfattarskapen til peruanaren med spansk statsborgarskap. Sterkt er det å lese om dei opplevingane som den opphavleg britiske diplomaten Roger Casement hadde i Kongo og Amazonas. Vargas Llosa skildrar korleis Casement møtte undertrykking og utbytting, og korleis han slutta seg til kampen for eit fritt Irland. Det er kolonialismen som blir avkledd her, anten vi møter han i den belgiske kong Leopolds private Kongo (der hovudpersonen treffer både Henry M. Stanley og Joseph Conrad – no vart eg på ny mint om at eg enno ikkje har lese Heart of Darkness), gjennom eit britisk selskap i Amazonas eller i Irland.
Interessant er at Casement òg treffer på ein nordmann, Eivind Adler Christensen, “el bello vikingo”, som òg fanst på ordentleg, og oppheld seg i Oslo i lag med han, og at båten Aud (engelsk, men med norsk flagg), vart brukt i arbeidet med å få tysk hjelp under Den fyrste verdskrigen – Den store krigen – til Irlands kamp for sjølvstende. Ja, så langt gjekk enkelte av dei irske nasjonalistane, som Casement hadde slutta seg til. Nå ja, det var ein imperialistisk krig, okke som, men det straffa seg for Casement å motarbeide britiske interesser. Hovudpersonen får ikkje oppleve Påskeopprøret i 1916 – der britane skulle komme til å følgje opp metodane som Casement hadde sett i Kongo og Amazonas.
På den same måten som i La Fiesta del Chivo bruker altså Vargas Llosa verkelege hendingar som bakgrunn for ein roman som handlar om noko meir enn dei reint konkrete, historiske motiva: Korleis kolonialisme og undertrykking verkar inn på oss, kva dei kan gjere med oss.
Grundig forsking lyt liggje bak denne romanen (forfattaren har mange å takke i slutten av boka), der Vargas Llosa har omforma historiske kjensgjerningar til ein roman der levande personar, i alle fall hovudpersonen, blir protagonistar i scener i eit verdshistorisk drama.