Karaffelproblemer finner en også hos Jakob Sande.

Etter ein rangel.

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,
trur eg.
Eg skal aldri skåla visor meir i laddevinsrus,
men syngja åndelege songar på Zions bedehus,
trur eg.

Alle kvinnfolk som eg møter skal eg sky som berre fan,
trur eg,
og gå vyrdelig forbi dei som ein nybakt kapellan,
trur eg.
Eg skal sitja som ein munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffi medan drøset går um åndelige ting,
trur eg.

Det skal ingen meir få sjå meg når det lid til høgste natt,
trur eg,
koma ruslende på heimveg utan stivety og hatt,
trur eg.
Eg skal leggja meg når grisen går til kvila i sitt bol,
og stå upp når hanen flaksar og gjel i morgonsol,
trur eg.

Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,
trur eg,
taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt,
trur eg.
Men idag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst
at eg mest må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst,
trur eg.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Dette diktet er jo så bra, og så godt sagt, smiler mens jeg leser det :)
Kan liksom høre den flotte stemmen til Jon Eikemo når jeg leser det.
Så bra da at du kom med dette artige diktet ;)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ønskediktet, Hartvig Kiran og deklamasjoner med innlevelse. Det var tider det! :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det var en fast tradisjon å høre "ønskediktet" i mitt barndomshjem. Synd at de ikke tar seg bry med å sende slike programmer.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Beate KristinMalinn HjortlandLinda NyrudAndreaTine SundalPirelliEivind  VaksvikHilde H HelsethTurid KjendlieMarit HøvdeTone HmarvikkissomniferumLene AndresenHelge-Mikal HartvedtHarald KElinBeEgil StangelandKirsten LundHanneDemeterritaolineVanja SolemdalOdd HebækHallgrim BarlaupLailaRisRosOgKlagingKristine LouiseKorianderReadninggirl30Lars Johann MiljemgeBjørg RistvedtJulie StensethSolBjørg L.AvaAgnesrubbelPiippokatta