Ja, sjølvsagt kan ein halda fram med å kalla også elektroniske tekstar for ei bok. Men før eller sidan - helst før - vil ein sitja med tekstar som berre finst elektronisk - dei første norske sjølv-publiserte tekstar for e-bokformatet er allereie dukka opp på Amazon - og ein kan jo då spørja seg om ei "bok" etter kvart er noko som høyrer fortida til... I alle høve viser salet av e-bøker på Amazon ein stigande tendens.
Og det opnar for vidare funderingar - dersom tekstar i elektronisk format, med ein mykje meir utstrekt bruk av sjølv-publisering enn no, går over til å bli det dominerande formatet - vil det også opna for ein heilt ny type litteratur, ein annan måte å skriva på?
Viser 1 svar.