I bd. 6 av "Henrik Ibsens skrifter" finn vi De unges forbund og Kejser og Galilæer. Eg las dei for litt over førti år sidan, og kan ikkej hugse at eg har vore gjennom dei att, ikkje i sin heilskap.

De unges forbund er interessant for meg berre som uttrykk for det stadiet i Ibsens utvikling som det er skrive i: No er vi på veg inn mot den kritiske realismen. Dette lystspelet om Steensgard - alias Peer Gynt - som politikar er eit samtidsdrama i moderne prosa, med statiske personar utan liv, som ikkje utviklar seg i samspel med andre og samfunnet. Men sli måtte det vel vere; diktaren måtte få utvikle seg.

Til dette trong han større innsikt i samtida, det borgarlege samfunnet, som etter kvart hadde begynt å ta form også her i landet, med sine ibuande motsetningar. Ibsen såg at dette var eit samfunn å protestere mot, men dette “menneskeåndens opprør” som vi møter i Kejser og Galilæer endar med nederlag – men også med håp, om ein ny type samfunn, ein syntese av tidlegare tiders livssyn: “det tredje rige” (for Ibsen er opprøret åndeleg, ikkje politisk). Stykket er frå 1873, og ber preg av inntrykk frå pariskommunen (“den har en sund kerne i sig, det ser eg så klart, og engang vil den nok blive praktiseret uden al karikatur”). Jo, eit “verdenshistorisk skuespil” – fordi det tek opp viktige spørsmål. Ikkje for seinantikken, keisar Julians verd, men for framtida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bjørn SturødEllen E. MartolSynnøve H HoelKirsten LundPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWang