Eg var veldig redd for dette før eg begynte å studere litteratur. Eg var redd for at eg ikkje skulle kunne slappe av med ei god bok, utan å analysere ho i stykker. Men i ettertid har eg ikkje sett at verktøya eg har fått har blitt ein klamp om foten som øydelegg lesargleda.

Det hendte eg opplevde det, då eg las skjønnlitteratur som var pensum. Blant anna hugsar eg at Amtmannnens døtre var ei bok eg sleit med å komme gjennom. Mykje fordi at forelesaren vår hadde gått grundig inn i namnesymbolikken og psykoanalystiske analysemåtar, ein modell eg kanskje ikkje vel å bruke sjølv. Det same gjeld Dalen, Portland, kor eg heller ikkje hadde noko god lesaroppleving. Kanskje mest fordi eg skulle rekke å bli ferdig før forelesning, og ikkje tok meg god nok tid. Eg er usikker.

I ettertid har eg vore veldig oppteken av å vektleggje det umiddelbare, opplevinga av lesinga (dette skreiv var også hovudfokuset for masteroppgåva mi). Det hender sjølvsagt (særleg når eg les lyrikk) at eg stoppar opp og tenker gjennom korleis eg sansar teksten og korfor eg oppfattar sanseinntrykka teksten gir på den måten eg gjer. Men eg opplever i langt mindre grad enn eg hadde frykta, at dette er ei belastning for meg. Eg les på to ulike måtar, når eg driv med hobbylesing og når eg driv med analyse. Men i dei tilfella eg skal jobbe ytterlegare med ein tekst eg har lese, det vere seg i undervisningssamanheng, i bloggen min eller i eit meir seriøst artikkelformat, har eg ei verktøykasse som det kan vere nyttig å anvende.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Fin blogg du har , bai.Jeg tok meg den frihet å titte litt. også er det fint at du klarer det der med å skille hobbylesing og analyse, ellers ville det blitt slitsomt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Alice NordliElisabeth SveeKaren PatriciaBjørn SturødKirsten LundChristinaBeathe SolbergRandiADemeterJarmo LarsenPiippokattaStian AxdalMetteAnneWangFarfalleIngunn SEivind  VaksvikNinaIngeborg GTanteMamieAnniken RøilKristinHeidi HoltanTine VictoriaTine SundalKaramasov11VegardJørgen NStig TTrude JensenCecilie69Hilde Merete GjessingKristine87SolveigBjørg L.Grete AastorpErlend Rødal VikhagenHarald KRandiTove Obrestad Wøien