Gjøvik er 150 år i år, og Gyldendal har saman med Gjøvik kommune, Nasjonalbiblioteket, Oppland fylkesbibliotek og Gjøvik bibliotek laga ei spesiell utgåve av Bjørnstjerne Bjørnsons En glad Gut frå 1860. På omslaget ser vi eit måleri av Gjøvik gård, der Bjørnson var gjest rett som det var. Ordførar Bjørn Iddberg har skrive forord til boka, der han m.a. seier at kommunen har fatta vedtak om at biblioteket skal utvikle seg vidare som eit litteraturhus. Ledd i denne utviklinga er at 4 000 eksemplar blir delte ut gratis under mottoet "Hele Gjøvik leser". Flott tiltak! Om alle fire tusen hadde diskutert boka på Bokelskere, ville det ha vore endå betre.

Litt kritikk: Målforma i boka er bokmål - frå 2005-normalen, ser det ut til. Dette gjer at lesren mister kontakten med den opphavlege stiltonen, slik han var då Bjørnson skreiv boka rett før Gjøvik fekk bystatus. Berre breva er slik Bjørnson skreiv dei: "Nu vil jeg sige dig, Marit, at dig holder jeg af, saa jeg næsten ikke kan være her længer [...]. Og forlaget skriv at Bjørnson fekk "Nobelprisen". Det gjorde han ikkje. Han fekk nobelprisen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

TanteMamieLailaEllen E. MartolStine SevilhaugV. HulbackLars Mæhlumella76Anne-Stine Ruud HusevågFride LindsethBerit B LieToveIngunn SMorten MüllerFrode TangenKirsten LundRisRosOgKlagingPiippokattaJarmo LarsenTove Obrestad WøienReadninggirl30DemeterLeseberta_23Tone HCathrine PedersenIreneleserStig TVannflaskeJoannEivind  VaksvikTorill RevheimAlice NordliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRonnyBjørg Marit TinholtKarin BergStine AskeMathildeTurid KjendlieChristofferBritt Elin