Spørsmåla om litterær kvalitet, er eit av dei mest diskuterte spørsmåla blant litteraturinteresserte. Og likevel har ennå ingen komme fram til nokre eintydige og objektive kriterier for korleis dette kan vurderast.

Her går denne diskusjonen igjen og igjen, med den same negative innfallsvinkelen: Nokon trur dei er betre enn andre, fordi dei foretrekker bestemte bøker framføre andre. Dei har ikkje rett til å tru at dei er betre enn andre.

Korfor kan vi ikkje heller vinkle desse diskusjonane positivt. Kva er det som gjer at du liker ei bok? Er det spenninga og intensiteten i handlinga? Er det det at ho har eit originalt språk som får deg til å tenke gjennom det som blir skrive på ein ny måte? Er det det at ho seier noko nytt om samfunnet vi lev i? Er det dei gode personskildringane som gjer at du kjenner at du kjem på innsida av personane, eller er det den originale forteljarsynsvinkelen som gjer at du ser ting i eit nytt perspektiv? Er det dei levande mijløskildringane? Eller er det fleire av desse faktorane?

Det er ulike grunnar til at vi liker og ikkje liker bøker. Og eg trur ikkje vi heller kan komme fram til objektive kriterier for litterær kvalitet, nokon gong. Det er det ingen som har klart før oss. Det betyr ikkje at vi ikkje kan vurdere dei bøkene vi har lese, som gode eller dårlege lesaropplevingar. Det betyr heller ikkje at vi ikkje kan begrunne vurderinga ut i frå kriterier vi synest er viktige. Og kanskje er ikkje du einig i at dei kriteriene eg synest er viktige, er viktige. Men eg kan ikkje skjønne at det er eit mål i seg sjølv, å bli einige. Eg trudde poenget var å prate om bøker. Viss ikkje vi skal kunne komme med våre subjektive vurderinger av bøkene vi har lese, forsvinn mykje av poenget med eit bokforum, for min del. Kva skal vi då snakke om?

Godt sagt! (25) Varsle Svar

Viser 8 svar.

Her går denne diskusjonen igjen og igjen, med den same negative innfallsvinkelen. Nokon trur dei er betre enn andre, fordi dei foretrekker bestemte bøker framføre andre. Dei har ikkje rett til å tru at dei er betre enn andre.

Handler det om at noen tror de er bedre enn andre, det er vel litt mer sammensatt enn hva man leser?

Å tro at bøkene du leser, i den grad man gjør det, er bedre enn bøkene andre leser, er ikke det samme som å tro at en selv er bedre enn andre. Man kan jo tro at man "er bedre" i litteratur og litteraturhistorie hvis man har lest mange "tunge klassikere", men så er det kanskje ikke uten grunn heller?

Sånn er livet, noen er bedre i enkelte ting enn andre

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg trur du misforstod utsegna mi:

Her går denne diskusjonen igjen og igjen, med den same negative innfallsvinkelen. Nokon trur dei er betre enn andre, fordi dei foretrekker bestemte bøker framføre andre. Dei har ikkje rett til å tru at dei er betre enn andre.

Eg forsøker å beskrive den typiske diskusjonen, som stadig går her inne. Det som kjenneteiknar diskusjonen er ofte at dei som liker dei bøkene som ofte blir kategorisert som populærlitteratur, beskylder dei som liker andre bøker for å vere snobbar eller i dette tilfellet forståsegpåarar. Folk blir altså beskyldt for å tru dei er betre enn andre.

Eg er einig med deg i at ein er ikkje betre enn andre. Og det var det eg forsøkte å få fram. Vi har bare ulik smak.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Jeg misforsto den først, men skjønte etter at jeg hadde skrevet svaret at du spissformulerte. Jeg fjernet tydligvis ikke nok av det opprinnelige innlegget, jeg tenkte at resten kunne stå som et supplement til det du allerede hadde skrevet, fordi jeg ser at det ikke er helt entydig. :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og eg ser absolutt rom for misforståinga. Eg endra punktum til kolon, i håp om å tydeleggjere det. Eg meinte det i det minste som ei spissformulering, ikkje som ein oppriktig påstand.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Enig. Veldig mange av trådene her er alt for friksjonsfrie. Det blir ingen dialektikk. Men det er også mange eksempler på det motsatte. Jeg synes det er fint når forståsegpåeren melder seg på i en debatt, så fremt hun ikke er totalt blottet for ydmykhet (men det er kanskje forståsegpåeren). Uansett er det fullt mulig å diskutere kvaliteten på litteratur på en konstruktiv måte.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kiosklitteratur er også litteratur , den er også skrevet av noen . Noe som gir leseren mulighet til å mene , hva de vil om stoffet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nettopp, helt enig!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tone SundlandTor-Arne JensenSiw ThorbjørnsenEllen E. MartolKirsten LundAnne-Stine Ruud HusevågVariosaHarald KLars Johann MiljemgeToveDemeterAlice NordliElisabeth SveeKaren PatriciaBjørn SturødChristinaBeathe SolbergRandiAJarmo LarsenPiippokattaStian AxdalMetteAnneWangFarfalleIngunn SEivind  VaksvikNinaIngeborg GTanteMamieAnniken RøilKristinHeidi HoltanTine VictoriaTine SundalKaramasov11VegardJørgen NStig TTrude Jensen