Petter Larsen, kulturredaktør i Arbeiderbladet bad meg for noko over tretti år sidan om eit bidrag til ei artikkelsamling om arbeidarar og dikting, som han skulle redigere saman med Kjell Sandvik.

Eg skreiv ganske utfyllande, under tittelen "Tradisjon og fornying i arbeidarlyrikken" om "Harry Hermansen, Tor Jonsson og Rolf Fredheim i litterær og sosial samanheng". Dette var eg arbeid eg likte, så får andre dømme om kvaliteten. Boka har med ein klassiskar, Hans Heibergs "Arbeiderbevegelsen og litteratuen" frå 1935. Dessutan har Olav Dalgard eit oversyn over "Norsk arbeidarlitteratur fram til 1940". Særleg interessant er det å lese Hans Børlis eiga tekst "Slik begynte jeg".

Elles er her tekster av Kåre Holt ("Litt om arbeiderlitteratur - eller Kunsten å bli klasseforræder"), Willy Johansen ("Arbeideren og bøkene"), Petter Larsen (om Gro Holm), Rolf Opås ("Slik har det gått med meg ..."), Nils Johan Rud (om Arbeidermagasinet), Kjell Sandvik ("En proletars litterære bekjennelser"), Dag Skogheim (om arbeidardikting i nord) og Geir Vestheim (om Thorleif Auerdahl).

Litt av eit selskap eg kom i! Men altså: Dette er eit seriøst emne. Det har med klasse og verdiar å gjere. Og det kan ein ikkje stille seg likegyldig. Her er nokre av dei forfattarane samla som gav stemme til arbeidarklassas erfaringar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anne LiseAvaThereseEllen Berg InstefjordFyodor YovavichEli HagelundLars MæhlumKirsten LundThomas Heie H.Stig THeidi LAmanda ABjørg RistvedtHelge-Mikal HartvedtReadninggirl30Akima MontgomeryIreneleserTanteMamieHeidiTore OlsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagMalinn HjortlandSynneMHarald KHilde VrangsagenIngeborg GTuridmajaHelen SkogIrakkHarald AndersenAnne-Stine Ruud HusevåggretemorHeidi HoltanVannflaskeJohn LarsenHanne Kvernmo RyeAndreas BokleserRisRosOgKlaging