Dette er ein klassikar. Arvid G. Hansen, ekskludert frå NKP i 1949 som tilhengjar av Peder Furubotn, laga den fyrste systematiske framstilling av korleis arbeidarar har vore skildra i norsk litteratur frå Wergeland og framover. Då eg som eitt av emnekretsane til nordisk hovudfag spesialiserte meg på nordisk arbeidardikting, ville professor Willy Dahl at eg skulle ha eit teoretisk verk med på pensunlista - og kom med framlegg om Arbeideren i norsk diktning. Boka var utseld, men eg fann ho på biblioteket i Trondheim. Eg kan enno hugse korleis eg, lent opp mot ein vegg, stod og bladde i boka før eksamen. Og når ein er så heldig at ein er utstyrt med fotografisk minne, var det berre - på eksamen, der eg fekk som ei av oppgåvene å gjere greie for litteratursynet til Hansen - berre å "bla" i minnet, ta fram kvar enkelt side, rekapitulere kva som stod der - og samanfatte det synet som forfattaren tydelegvis hadde arbeidd ut frå. Dette var artig! Og det gjekk svært så bra til eksamen. Seinare kom eg over boka på eit antikvariat og kjøpte ho.

Her ser vi altså arbeidaren frå Wergeland via Sivle, Hamsun og Collet Vogt og Falkberget, Uppdal og dei store i mellomkrigstida (Rudolf Nilsen og Nordahl Grieg og Arnulf Øverland og Arne Paasche Aasen) til Elling M. Solheim og Alf Prøysen.

Eg er glad for at eg har denne boka. Litteratursynet til forfattaren kan diskuterast, men han var ein pioner!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Ellen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimPiippokattaBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaHarald KAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagHanne Kvernmo RyeJarmo Larsen