Ser at det er ein bokelskar i tillegg til meg som har denne boka i samlinga si, det kunne godt vore fleire! Her må ein skrive på nynorsk slik at boka får si rette omtale:) Ei bok skreven av ein 21 år gamal gut/mann frå Hjelmeland i Rogaland; Vegard Terøy. Terøy er god å skriva, har jobba som frilansjournalist og har eit godt grep på språket!

Olav skal bli bonde, som einaste born i familien Bjelland er kursen staka ut for fyrste dag av og guten har ikkje tankar eller ynskje om noko anna enn å overta garden etter faren. Han sullar seg gjennom dei fyrste ungdomsåra som ungdom flest, men vantar dei lengslene og drømmane dei andre ungdomane har om ei framtid utanfor Hetlandsbygda, om jentene som ventar i storbyen, - nei for Olav gjeld det berre å venta på at faren skal trekje seg tilbake og la Olav bli Bonden.

Men det går ikkje alltid slik ein vil og denne vesle boka får ei uana og artig vending. Ja, eg tykjer boka, med all sin mørke og underfundige ironi og beiske humor kan kallast artig. Terøy lukkast i sin skjønnlitterære debut og denne boka trur eg vil treffe alle som er interessert i menneskelege relasjoner. Kanskje er dette ei bok som også treff dei som sjøl slit med vanskelege ting? Eg trur det.

Så tar eg sjansen på at denne omtale er blitt objektiv og ikkje altfor mykje farga av at eg kjem frå ein stad ikkje langt frå Hjelmeland og kjenner meg godt igjen i mykje i boka, - ikkje minst Olav sine opplevingar ute i vår vakre natur!

(PS: Eg verken kjenner eller veit kven forfattaren er.)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bård StøreKirsten LundEivind  VaksvikReadninggirl30Ingunn SHegeRonnyJohn LarsenMarteAnne ÅmoEli HagelundBente L.GunillaTatiana WesserlingLeseberta_23Fride LindsethEllen E. MartolMads Leonard HolvikRufsetufsaHelena ETove Obrestad WøienLinda NyrudLars Johann MiljeAnneWangHeidi BBRandiAFrode Øglænd  MalminJarmo LarsenKristinAnn Helen EalpakkaEster SMorten MüllerHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTore HalsaAnne Berit GrønbechSiv ÅrdalEmil ChristiansenElisabeth Svee