Så er det vel slik krig er: Dei lange, detaljerte endelause og breie skildringane av slagmarker og menneske under Napoleonskrigane viser nettopp kva krig gjer med oss. Om alt går raskare i dag der nede i det bombeherja Libya, så er elendet det same. Anders Ribu les for det aller meste godt, og kjem nesten med heider frå alle dei franske replikkane, men han les "et vous" som om det hadde stått "êtes-vous", og då blir resultatet komisk. Men for ei skildring av daglegliv i adelens salongar og hos offiserar og soldatar i felten!
Viser 2 svar.
Og nå går BBCs dramatisering av Krig og fred i fjernsynet på tysdagar. Så langt er eg fornøgd, sjølv om enkelte ting går litt raskt på skjermen samanlikna med romanen, som eg for tida køyrer i reprise som lydbok i bilen. Eg trur at dette er eit svært vanskeleg verk å dramatisere, for styrken ved det ligg vel nettopp i dvelinga og dei lange skildringane, ikkje i dramatiske opptrinn.
Nå er det en evighet siden jeg leste Krig og Fred triliogien, men jeg husker at jeg satt igjen med en angst for krig og fordervelse, boka var mørk og dyster, med noen glimt av de bedre stiltes rike liv og der var det sol, ellers syns jeg det var mørkt og kaldt hele tiden. Bøkene er ikke dårlige eller kjedelige men som sagt de ga meg angst. Og da har kanskje Tolstoi oppnådd det han ville? For det er jo en tragisk tid han beskriver og krig er jo aldri pent.