Slett ikkje unyttig lesing, dette - Ane Hoel, skodespelar og høgskolelektor på den sida av Mjøsa som har den beste utsikta, har fått kommande lærarar til å skrive om Ibsen. Noko av bakgrunnen er at Ibsen ikkje står nemnd i dagens læreplanar for grunnopplæringa. Dette er, kan eg forklare, ei følgje av dei generelle retningslinjene som Stortinget har bestemt skal gjelde for læreplanarbeidet, ikkje av vonde tankar hos rådgivarane i Utdanningsdirektoratet.

Men sjølv om enkelte av artikkelforfattarane har svært lite nytt å komme med, finst her mange godbitar som er med på å gi meg nye perspektiv på Ibsen, og det er slikt som eg blir glad av! Redaktør Hoel er vel den beste, der ho tek føre seg "Hedda Gablers ensomhet", men særleg gledeleg for meg er Egil Bogfjellmos "En psykoanalytisk lesning av mødrenes rolle i Brand og Peer Gynt", Eldbjørg U. Rønnebergs "Ellida - ei kvinne i eksistensiell krise" og, ikkje minst, "Om ikke å realisere idealet bak sitt virke. Lungstarnd og Ballested som bilde på Ibsens kunstnere" av Marte Monsen.

Artiklane byggjer i liten grad på moderne forsking samanlikna med alle referansane til eldre studiar. Det er no så. Men høgskolelektoren i norsk burde ikkje ha late dei kommande lærarane få publisere artiklar som vitnar om til dels alvorleg svikt i kjennskapen til elementære rettskrivings- og teiknsetjingsreglar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaLinda NyrudKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaAvaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.Ingrid HilmerIngvild STonesen81Hilde Merete GjessingBjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundRune U. FurbergLilleviIngunn SCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleAlice NordliLene Andresen