Dette er ingen omtale og inga vurdering, men eit gledesrop over at Europarådets felles europeiske rammeverk for språk ligg føre på norsk, i ei felles utgåve på nynorsk og bokmål. Og eg er part i saka; eg tok i si tid initiativ til at det som i dag er Utdanningsdirektoratet, skulle omsetje og gi ut dette verket som er så nødvendig for å ha ein felles referanse for språkferdigheiter uavhengig av land og eksamenar. Og eg sat lenge i redaksjonskomiteen - før eg fann andre ting å arbeide med. Derfor skal eg avstå frå å vurdere boka, ettersom eg altså er medskyldig, men eg lyt berre gjere alle språkinteresserte bokelskarar klar over boka. Så artig å kunne følgje språklæringa si gjennom ulike nivå og få hjelp til å seie kor mykje ein har lært før ein gir seg i kast med eit nytt nivå. Då blir ikkje språklæring eit hamletsk spørsmål om å kunne eller ikkje kunne, men om kva ein kan. Saman med den europeiske språkpermen vil denne boka bli ei viktig inspirasjonskjelde til meir språklæring hos nordmenn - ja, sjølvsagt spesielt for alle som er her i landet og skal lære norsk som andrespråk, men også for alle som gir seg i kast med andre fremmendspråk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

NorahCarine OlsrødNtotheaAnniken RøilEster SHeidiEirin EftevandReadninggirl30Bjørg RistvedtAnne-Stine Ruud HusevågMarenHilde H HelsethBård StøreDemeterPiippokattaIreneleserLilleviHarald KAnitaKirsten LundNicolai Alexander StyveLesevimsaNinaEivind  VaksvikBritt ElinEgil StangelandAlice NordliPer Åge SerigstadsiljehusmorLene Nordahlingar hTone Maria JonassenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeAnita NessBeathe SolbergBerit RAnn ChristinSynnøve H HoelCamilla