Ei perle av eit skodespel, dette, eller kanskje heller ei kruttynne; politisk sprengstoff er det i alle høve: Men "politisk" litteratur verkar berre i tråd med intensjonen når utforminga grip lesaren, når form og innhald smeltar saman. Som her: Dario Fo bruker element frå dei elleville farsane i italiensk teatertradisjon for å hengje ut styresmaktene i stykket om ein anarkists "tilfeldige" død, bygt på faktiske hendingar i nær, italiensk historie. For latteren er eit farleg våpen. Her startar ablegøyane tidleg, for hovudpersonen heiter Matto, og det tyder sprø. Så når han blir spurd om han er sprø, kan han trygt svare ja, og dermed byrjar forviklingane. Byrålratiet får passet sitt påskrive når Matto slår til med den livsviktige funksjonen som eit komma har, og etterpå insisterre på å snakke om ordklasser og syntaks under forhøret, iblanda ironiske politiske spark om at han er tryggare hos politiet enn ute i trafikken. Vel, dette lyt ein berre oppleve sjølv, helst både i bokform og på scena, for å forstå humoren og sprengstoffet (ja, det er ei farleg bombe med i stykket). Heldigvis har eg gjort begge delar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

siljehusmorTatiana WesserlingSissel ElisabethMarit AamdalalpakkaAnne-Stine Ruud HusevågCarine OlsrødTore HalsaHarald AndersenPiippokattaSt. YngheadStine SevilhaugVannflaskeBerit RElin Katrine NilssenCathrine PedersenHeleneHildNina J.B.KristineTorill RevheimBruno BilliaertRandiAHildaGladleserKjerstiMargrethe  HaugenStein KippersundTonje SivertsenReidun SvensliLeseaaseHilde Merete GjessingNicolai Alexander StyveIngebjørgBertyKirsten LundJulie StensethRisRosOgKlagingmarvikkisLillevi