Ein fullstendig oversedd litterær godbit, om oppvekst i 1950- og 1970 åra på Tøyen og Enerhaugen i Oslo. Eg hugsar ikkje heilt korleis eg vart klar over boka, i 2003, men på den tida arbeidde eg på Tøyen og gjekk fleire gonger i veka over Enerhaugen, på veg frå og til toget. Arne Danielsen skriv så fint om alle os som har bakgrunn i arbeidarklassa, kva det ville seie å vere barn og bli vaksen nettopp i denne tida. Hovudpersonen er oppteken av sjakk, eit spel eg elskar, men aldri får tid til å drive med (kan det ha noko med all denne lesinga og skrivinga å gjere, tru?), og han blir forelska i ei jente som heiter Tone. Så utviklar forholdet mellom dei to seg som eit sjakkspel, med ein nervepirrande slutt, som eg ikkje skal røpe utfallet av her. Danielsen har klasseperspektiv på forteljinga og kjem så absolutt godt frå romanen. Nei, eg er ikkje einig med han i eitt og alt, men denne boka fortener lesarar!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Har nettopp lest boka, og jeg koste meg! Jeg har selv vokst opp i dette miljøet og på samme tid som Danilesen beskriver. "Åttenderaden" har brakt fram mange minner, og jeg synes forfatteren har et godt og levende språk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk! Da er vi to!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kari ElisabethLars MæhlumIna Elisabeth Bøgh VigreReidun SvensliMaikenEster SNorahRandiGrete AastorpJulie StensethBård StøreEgil StangelandKirsten LundKristinVibekeG LMarianne  SkageMarenPiippokattaIngebjørgalpakkaIreneleserAvaSynnøve H HoelLinda NyrudMarit HåverstadKarin BergHarald KLene AndresenPer LundelmeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVariosalillianerNikkaAnne Berit GrønbechBookiacingar hTatiana WesserlingSolveig