Men da er du jo enig med deg selv. Du likte den ikke i det du lukket boken heller.
Jeg mener at det er lov å si man ikke liker noe. Og at man ikke liker noe lenger, nettopp fordi man forandrer seg. Men jeg sliter med følelsen jeg får av at folk "trekker tilbake" følelser. Man kan jo ikke gå tilbake i tid...
Jeg har også lest bøker hvor jeg vet at språket er dårlig og innholdet tynt, uten at det må ødlegge leseropplevelsen.
Har bare merket en trend her inne hvor mange ikke skjønner hvorfor de likte ting før. Men som jeg har sagt i et annet innlegg. Det er helt greit å forandre seg, mitt poeng er at man ikke bør glem at den boka ga deg en positiv opplevelse.
Viser 1 svar.
Eg likte boka då eg lukka ho. Det er jo nettop det som er poenget mitt. Eg liker at ho er spennande og at eg blir oppslukt av romansen mellom Bella og Edward. Men eg liker ikkje Bella og måten ho er framstilt på. Så eg liker nokre sider av boka og misliker andre sider ved boka. Og eg skjønner korfor eg las ho - på grunn av handlinga og spenninga - sjølv om eg ikkje kan fordra den kvinnerolla Bella representerer.
Det går an å seie at eg hadde ei positiv oppleving av å lese ei spennande bok, sjølv om ein ikkje sett boka på topp ti lista si.
Det å seie at ein ikkje skjønner korfor ein likte ting, er noko som er nytt for meg. Der kan eg ikkje svare på korfor folk gjer som dei gjer. Men det kan jo hende dei ikkje skil mellom intensiteten i lesaropplevinga (som ofte gir ei god oppleving der og då) og andre kvalitetstrekk dei sett høgt (for meg, ein truverdig hovudperson). Når ein då begynner å tenke gjennom at hovudpersonen er lite truverdig, vekter ein kanskje det over intensiteten i lesaroppelvinga.
For meg er det stor forskjell på bøker som gir ei intens lesaroppleving (som i og for seg er eit kvalitetsteikn, men ikkje aleine) og bøker som fortel meg noko nytt om verda. Det er to ulike boktyper. Men det er nok dei siste eg hugser best. Og det er også dei det er lettast å sette ord på korfor eg liker.