Eg har ikkje vore med Ragnhildarane til Trøndelag. Eg har vore på jobb!
Eg takker for invitasjonen, men eg har allereide lova å ta med kake til svigerinna mi, så eg må nesten dit. Dessutan bør eg bake kake og stryke bunadsskjorte, ikkje henge her. Men viss eg ikkje heng her, så lager de så mange konspirasjonsteoriar, at eg nesten begynner å tvile på om eg er ved mine fulle fem, når eg kjem tilbake.
Kva skal vi ta med meg på?
Jon Fosse får flytte inn i Statens Æresbolig, Grotten! Gratulerer, Jon Fosse! Dette fortener du!
Eg las ho på eit kurs i svensk litteratur, og likte ho veldig godt.
Noterer at pasienten sin paranoia tar ei stadig sterkare vendig, i form av manglande tillit til venlegsinna folk rundt henne. Grunnlag for mistanke om antisosiale tendeser.
1984 las eg på vidaregåande og den var veldig god. Eg vurderer å lese ho ein gong til, sidan det er så lenge sidan. Men den som gjorde endå sterkare inntrykk på meg var Kallocain av Karin Boye. Mange parallellar til 1984, men ho er skriven eit tiår tidlegare, og frykta for utviklinga i Hitler-Tyskland er tydelegare.
Fem i løpet at ein månad er godt jobba!
(Og ja, vi trengte ein ny tråd. Den gamle er jo full av konspirasjonsteoriar).
Eg er rysta over at anklagene om løgn står så ubegrunna.
Denne samtalen er langt frå vanleg...
Ja, sove ville kanskje vore lurt. Eg har bare så mykje eg må få gjort før eg kan leggje meg. Og det hjelper faktisk ikkje at de driver og distraherer meg, kvar gong eg kjem i skade for å gå inn her istadenfor å gjere det eg skal gjere.
Nikker, smiler og seier "Jada, kjære"
Eg har forresten fått eit svar om traktorar i 17.maitoget, men alt går så fort at eg klarer ikkje finne ut kva det er svar på. Så eg er sikkert einig.
Klart det var Cathy. I alle fall ikkje deg eller Solveig...
Noterer: må begynne med å gjere ein ganske omfattande innsats for å få pasienten til å innsjå at ho har eit problem
Det er viktig å støtte opp om norsk landbruk, i alle fall i desse dagar...
Eg tenkte vel eigentleg strengt tatt mest på nokon som kunne hjelpe oss med å bli kvitt tendenser til personlegheitsforstyrringar som tar form i paranoide konspirasjonsteoriar og liknande.
Eg prøvde å understreke seriøst med to stjerner, slik at det blei feit skrift Seriøst liksom, men så fungerte det ikkje i overskrifta. Poenget var bare å markere at dette var ein seriøs tråd, i motsetning til den andre som har spora litt av og bare er morsom. Også fekk eg ikkje til å forandre overskrifta, etter at eg hadde oppdaga at stjerneuthevinga ikkje fungerte.
Men det er litt i hermeteikn også. Vi får gjere så godt vi kan.
Eg skal hugse å følgje fjellvettreglene og seie frå kor eg går, sjølv på korte turar med kart og kompass. Også skal eg kalle ei spade for ei spade og ikkje grave meg ned i eit skap.
Det er alt for mykje fløtesmak på fløten, skjønner du.
Heart of Darkness har eg også lyst til å lese. Den har stått på lista mi lenge. Blir spennande å høyre kva du synest om ho.
Never let me go har eg også i bokhylla mi. Det er ei bok som har fått veldig blanda kritikkar, så eg er veldig spent på den.
The Curious incident... las eg for nokre år sidan. Den kosa eg meg med. Og ho har vore veldig nyttig i møte med asberger-elevar seinare. Sjølv om eg veit at ho ikkje er heilt 100% korrekt, er det ei bok som har hjelpt meg med å konseptualisere teorien og gjere det eg har lese litt meir konkret. Også er ho jo herleg - eg kunne ikkje anna enn å bli glad i Christopher.
Hurra for jordbær med skumma melk!
Eg er veldig for chesterfield-sofaer og edle dråper. Sjølv om eg er ikkje så kresen på sofaen, så lenge dråpane er edle nok.
Takk for tilliten, når det gjeld sjukepengane.
Eg trur eg også går for ein kombi-liste-modell.
Grunnen til at eg blei stille er vel strengt tatt at eg er ferdig med å vere sjukemeldt og sitte heime og strikke og lese bøker og surfe på nett heile dagane, men at eg er tilbake i jobb og retter prøver for harde livet istadenfor. Dermed har eg bare kikka innom i ny og ne, og ikkje klart å halde tritt med skravlinga. Eg er altså ikkje på superhemmeleg prinsesse Ragnhild-oppdrag, men eg er ansvarleg og gjer meg fortent til sjukepengane eg har fått.