Han river ørkenen ut
av brystet sitt
Han overgir seg
til tårenes jord
Han er saltere enn havet

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Avskjed

du går ved siden av meg
kavende i språkets elv
øynene dine har sagt farvel
du sparker i samtalen

i min kropp av jord
er hjertet mitt
en gal klokke

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Han ligger i blomsterengen
Han ligger i disens kappe
Han duver i dråpene
Han er den nye dagens barn
Han er livet i dets morgen

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Men ingen kan leve av nordavind
Av høstmørkets gufs langs elven
Av rimfrost i hjertet
Han vender ryggen til stupet
og går opp på berget

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Han har tatt bu i tankane hennar. Umerkelig har han snike seg inn i blodomløpet, syng omkring i kroppen hennar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eit hjarte

Det er godt å kunna
sjå tilbake på
dei ein har elska
og enno kjenna varmen
frå gode famntak

Elden brann ut
Det brast i det skjøre

Men det er godt
å kunne hugsa
den gong vi lutte
mot kvarandre og
enno var nære

Eit hjarte er stort nok
til mange kjærleikar

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg teiknar

Eg teiknar eit
dikt
i dogga på
vindaugsruta

Eg ser på
den kvite runde
månen

Kan eit liv romma
både ei stor sorg
og ei stor glede
i same natta

Eg teiknar
namnet ditt
bokstav for
bokstav

Godt sagt! (6) Varsle Svar

EIT ROP ETTER SVAR

kaldt
når flammane
strør sine
kjærteikn
om deg
handa di
famlar over
hudfaldar
leiter over
trekk
som er framande
stengde
du er eit
rop etter
svar
men du
teier
og syng

Godt sagt! (1) Varsle Svar

KOM

kom
la oss stiga
fram
or vår einsemd
dryssa vår
lengt
mot einannan
hungrande
nakne

Godt sagt! (1) Varsle Svar

NÆR PULS

du er min kjærleik
og mi einsemd
at eg såg inn
i ditt liv
omslutta
av din lengt
aldri for nær
slår livspulsen
ditt namn
i mine årer

Godt sagt! (1) Varsle Svar

NÆR OG BORTVEND

du som var vind
over mine dagars
stille
du
som let draumar
spira
som vende
andletet bort
men var nær
gjennom tidlause
lengtande
stunder

tomme
er mine hender
som har halde
om eit svar
som rann bort

Godt sagt! (1) Varsle Svar

FOR DEG

for deg
har eg kledd
naken min sjel
latt mine draumars
fuglar sleppa fri
og fylla lufta
kring oss med song

mot deg
var eg open elv
og skjelvande angst
var eg fridomens segl
og lekkjenes slave

som vind var eg
over høge tindars toppar
dine botnar
var stengde

enno står eg naken
ved bredda av mine
draumar
ennå
ventar eg

Godt sagt! (1) Varsle Svar

STUNDOM

stundom
når hendene mine
byd seg nakne
hungrande fram
og alt i meg
er rop og lengt
kan eg kjenna
varsamt strok
over kinn
og dei kviskrar
som vindsus
mildt om mitt
hjarte

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jupp!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

BORTE

Når jeg vil holde rundt deg
er du borte
Kanskje var du
bare et solglimt
som streifet en bølge
i middagsheten?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Halleluja......

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Akkurat no

Ver eit ekstra hudlag for meg i dag
Eg frys
Ver ei hand eg kan halda om
dette stykket veg
Eg treng deg
At du er her
Eg treng ingen store ord
Eg treng ingen haltande lovnad
Eg treng ikkje trøyst
Men at du tåler meg slik eg er
akkurat no!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

eg kan kjenna
handflata di
kor ho trykkjer
mot mi
kor du er langt
langt borte
og nær

Godt sagt! (5) Varsle Svar

du rørte ved
noko i meg
nådde dei
dirrande strengar
av ufødd liv

naken
lengtande opna eg
mine dører for ein vikande draum
ropande og såra

enno ikkje mogen

Godt sagt! (2) Varsle Svar

ta i mot meg
mot natt
når eg sprengjest
og strekkjer mitt
namlause rop
mot di einsemd

min kjære

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

IngebjørgHarald KPiippokattaSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H HoelLinda RastenAnne-Stine Ruud HusevågTanteMamieEirik RøkkumToveVigdis VoldEivind  VaksvikRisRosOgKlagingKikkan HaugenLailaKaramasov11Bente NogvaNina J.B.Tove Obrestad WøienMorten MüllerTor Arne DahlEgil StangelandLilleviLindaBOddvarGGro-Anita RoenAgnete M. HafskjoldKirsten LundLars MæhlumCecilie MEileen BørresenBård Støremay britt FagertveitAndré Nesse