Eg heiter viss det. Godt å bli frikjend.
Takk for tipset!
Bare så de veit det er neppe desse tilboda unike, i og med at makspristida for 2010-utgåver gjekk ut i dag. Så nå har alle bokhandlarar lov til å selgje 2010-bøker billegare, og tilboda vil (av erfaring) ikkje bli borte med det første.
Lenge leve den frie bokmarknaden...
Nå lurte eg på om du meinte meg, Bjørg, og skjønte ikkje kva eg hadde gjort.
Takk for tips. Eg skal lese meg opp litt. Når eg er ferdig, skal denne tråden vere borte :)
Eg håper ikkje eg kjem heilt dit. Eg har litt for mykje eg har lyst til å lese, som ikkje står på lista også. Samtidig, skal ein gå for full måloppnåing før ein døyr, bør ein kanskje spisse prioriteringane inn mot målet også.
Eg vil ha ein antikvarisk sjeselong. Han kan godt vere i andre fargar enn orange og brunt, men eg vil gjerne forbehalde meg retten til å gå i orange og brune klær, klær med blomster og til å strikke av orange og brunt garn (sjeldan både orange og brunt samtidig, men om det blir totalforbod mot jordfargar trur eg eg detter av lasset). Det orange og brune, blomstrete loppemarknad-sengeteppet mitt, kan eg gøyme i eit skap (det måtte eg forøvrig gjere då eg flytta saman med mannen min, så det er vant til å liggje i eit skap).
Nå trur eg eg datt av lasset. Korfor er eg meir tilrekneleg enn du våger å påstå at du er?
Vi kan godt sjå film saman også, skjønner eg.
Ja, eg vil gjerne ha The grass is singing både i "Nobelprisvinnarar", "1001 bøker" og "Vesteuropeisk samtid"...
Så kjekt! Då kan eg følgje med der. (Eg skulle framleis ønske at det gjekk an å ha bøker i fleire bokhyller samtidig).
Ja, eg kjenner dei som fargar det. For å få kjøpt, må ein stå på mailingliste og bestille med ein gong. Dei blir veldig fort utselde (dei fargar ikkje så mykje i slengen, sidan dei fargar for hånd), men det er heilt super kvalitet. Eg trur alle eg kjenner kjem til å få sjal i kos eller klem til jul.
Du er hjerteleg velkommen i "Skandinaviske lesehester"-gruppa også. Sjølv om dei fleste andre er særdeles strikkande, går det stort sett i bøker der.
Apropos tulling, og lekkert garn - har du sett TuLLiBaLL-garnet? Norskprodusert lekkert garn i nydelege fargar. (Eg vil ha garnet mitt i fred!)
Eg registrerer bare bøker eg har lese, i det heile tatt.
Absolutt. Eg tar ansvar for plenplantinga, viss nokon andre tar ansvar for oppvasken.
Eg har ei bok om hagestell, og har akkurat lært å plante plen.
Etter tre timar med fikling har eg nå endeleg skjønt korleis eg skal leggje inn bøker. Hurra!
Nei, ho har ikkje født ennå. Så eg har god tid til å strikke ferdig bukseselane. Du skal få sjå bilete, når gaven er overlevert, men ho ravelerer sjølv, så eg vil vente med å leggje ut. Elles er jo maille-sweater som ligg på prosjektsida mi, veldig fin.
"Proaktiv" minner meg bare om sånne superpedagogar som snakkar om proaktiv adferdsregulering. Ja, hest er fælt. Og bjørk, men eg overlever kvar vår med å knaske piller, så det går sikkert an å bli fulltidspilleknaskar og overleve ein katt også.
Eg slit litt med katten, den hadde eg ikkje fått med meg. Noterer haugar og lass med allergitablettar og augedråpar til innflyttingsfesten. Elles er eg einig angåande slikking på fingrar, og har eit tillegg når det kjem til eseløyrer og bruk av smussomslag som bokmerker. Også liker eg ikkje fløte, for det smaker fløte. Men eg tar gjerne jordbær med skumma melk.