Cathy har komme med samme innvendingane som deg lenger nede i tråden, og dei er grundig besvart der. Det er jo opp til ein sjølv å velje om ein vil vere med på slike ufordringar. Det går jo an å la dei som synest slikt er morsomt få lov til å delta i fred, og bare la vere å melde seg på, viss ein synest det heile er dødsteit.
Det er nokon her som skal lese Ibsens samlede i 2011. Og det er heilt greit for meg at dei gjer det. Eg las så mykje av det, i 2006 då eg tok nokre Ibsenkurs, at eg kjenner meg metta på livsløgner for ei tid framover og kjem ikkje til å slenge meg på. Det at eg vel å ikkje delta i dette, betyr ikkje at eg er programforplikta til å gå inn i tråden om Ibsens samlede og vere negativ. Eg kan velje å la vere å kommentere prosjektet i det heile tatt, og la dei som koser seg med å lese Ibsen, kose seg med å lese Ibsen.
Eg har heldigvi kjempa meg gjennom Ringenes Herre, medan eg gjekk på vidaregåande, så den slipper eg å ta stilling til. Men om eg skulle stå i fare for å lese heile lista, blir det mest sannsynleg heile lista utanom John Irving.
Gjenvinningsminister passer meg bra, viss eg kan delegere ansvaret for å kildesortere søpla til alle søppelprodusentane.
Då tar eg avstand frå komposteringa. Det kan Todor få gjere i fred.
Servietter... eg trur det står ei pappeske med ei serviettsamling på loftet til mor og far. Meg eg er ikkje sikker på at ho har overlevd alle ryddesjauane. Eg hugser at den finaste servietten min, var ein slik flortynn rosa serviett, kor dei hadde fått påtrykt namnet til tremenningen min og konfirmasjonsdatoen hennar. Eg var konge på servietthaugen med den, ein liten periode.
Nei, eg har ikkje fått med meg at eg er landbruksminister heller. Men eg kan lese gjennom hageboka som lærte meg å så plen, og forsøke å finne ut noko om kompost. Alternativt kan Todor få låne boka.
Knappesamling! Er det noko der som matchar garnsamlinga mi, bør du halde godt på det, altså!
Eg trur eg datt ut. Når fekk eg ansvar for komposten?
Ho ligg på http://linesbibliotek.wordpress.com, i ei av fanene der. Eg har ikkje fått lagt ho inn ennå.
Ja, og eg som opererer med bøker eg har lese (og ikkje nødvendigvis bøker eg eig) her inne (fordi det er det eg synest det er interessant å halde styr på), har laga ei hylle med bøker eg har lese. Eg har bare laga frå den engelske lista, men skal leggje inn dei frå den norske lista også. Kanskje i dag...
Takk for at du ga beskjed om dette. (Supert at du også ga beskjed om nettleser).
Jeg har nå oppgradert to javascriptbiblioteker, og nå burde det virke også i IE9.
Det synest jo eg er rart sagt - eg tenker at "å ha lyst til å lese" er motivasjon... (Og kanskje er motivasjon eit av vår tids mest misbrukte omgrep?)
Eg har også lenge hatt lyst til å lese Bukowski, og eg ser han står på lista, så nå får eg kanskje gjort det også ;)
Er ikkje denne introen i ganske stor grad ei form for latterleggjering av den omstendelege skrivemåten, med fotnoter og henvisningar til Aristoteles?
Eg går også for engelsk utgåve. Eg har lese lengre utdrag frå Anne Worren si omsetjing tidlegare.
Jaja, du kan få lov til å ikkje like at eg skal lese ei bok i månaden, frå denne lista ;) Eg les som oftast 4-5 bøker i månaden, så ei bok i månaden er bare litt av det eg les. Og i og med at eg har kjøpt inn veldig mange av desse bøkene, utan at eg har fått lese dei ennå, kan ei bok i månaden frå denne lista, vere ein motivasjon til å lese utav hyllene mine. I alle fall ein 5-års tid framover. Og bare det å få lese ein del av desse bøkene i staden for å stadig lese det nyaste eg kjem over i bloggar og aviser, er motivasjon nok for meg. Men som sagt, du skal få sleppe å vere med, viss du synest dette er eit heilt idiotisk prosjekt -ingen tvang!
Joa, ser den...
Eg skjønner verkeleg ikkje problemet...
Ved å lese etter ei slik liste, ender eg opp med å lese ein del andre bøker enn dei eg ville vald av meg sjølv. Eg har tidlegare vore med på den svenske bokbloggaren "Lyran" si "Jorden rundt på 8 bøker"-utfordring. Då plukkar ho bøker, også er vi mange som les dei bøkene. Gjennom denne utfordringa, fekk eg augene opp for fleire austeuropeiske og afrikanske forfattarnamn, som eg aldri ville ha komme over, om eg ikkje hadde hatt ei slik liste å forhalde meg til. Likevel har dette vore gode lesaropplevingar, og for eksempel Gadimer har gitt meirsmak. Det same har Magda Szabó og Ljudmila Ulitskaja.
For meg blir dette ikkje lesing, for lesinga si skuld, men det blir å lese noko som er litt ved sida av det eg alltid endte opp med å lese før, då eg lot De Norske Bokklubber bestemme kva eg skulle lese kvar månad.
Eg aner ei viss sarkasme, og eg ser at det er fortent, i og med at eg valde eit så platt uttrykk. Poenget mitt er at eg les mange av dei same forfattarane om og om igjen. Og med ei slik liste som utgangspunkt, kan eg lese litt andre bøker enn dei eg vanlegvis plukker fram. Sjølv om eg ser av lista at det er godt potensiale for å ende opp med å bare lese Coetzee eller Philip Roth i månadsvis, og at eg fint kan fortsette å lese Paul Auster i fleire månadar til, så argumentet er ikkje heilt vanntett. Men det er i alle fall morsomt, synest eg. Dei som ikkje synest det, slipper å vere med!
Til å lese noko anna enn skandinavisk og amerikansk samtidslitteratur, og dermed utvide horisonten litt.
Eg gjer alltid det. Og eg synest det er morsomt å utfordre meg sjølv på denne måten. Som for eksempel å lese 52 noveller på eit år, eller ei 1001-bok i månaden, eller liknande.