Denne samtalen er langt frå vanleg...

Ja, sove ville kanskje vore lurt. Eg har bare så mykje eg må få gjort før eg kan leggje meg. Og det hjelper faktisk ikkje at de driver og distraherer meg, kvar gong eg kjem i skade for å gå inn her istadenfor å gjere det eg skal gjere.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nikker, smiler og seier "Jada, kjære"

Eg har forresten fått eit svar om traktorar i 17.maitoget, men alt går så fort at eg klarer ikkje finne ut kva det er svar på. Så eg er sikkert einig.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Klart det var Cathy. I alle fall ikkje deg eller Solveig...

Noterer: må begynne med å gjere ein ganske omfattande innsats for å få pasienten til å innsjå at ho har eit problem

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er viktig å støtte opp om norsk landbruk, i alle fall i desse dagar...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg tenkte vel eigentleg strengt tatt mest på nokon som kunne hjelpe oss med å bli kvitt tendenser til personlegheitsforstyrringar som tar form i paranoide konspirasjonsteoriar og liknande.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg prøvde å understreke seriøst med to stjerner, slik at det blei feit skrift Seriøst liksom, men så fungerte det ikkje i overskrifta. Poenget var bare å markere at dette var ein seriøs tråd, i motsetning til den andre som har spora litt av og bare er morsom. Også fekk eg ikkje til å forandre overskrifta, etter at eg hadde oppdaga at stjerneuthevinga ikkje fungerte.

Men det er litt i hermeteikn også. Vi får gjere så godt vi kan.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg skal hugse å følgje fjellvettreglene og seie frå kor eg går, sjølv på korte turar med kart og kompass. Også skal eg kalle ei spade for ei spade og ikkje grave meg ned i eit skap.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er alt for mykje fløtesmak på fløten, skjønner du.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Heart of Darkness har eg også lyst til å lese. Den har stått på lista mi lenge. Blir spennande å høyre kva du synest om ho.

Never let me go har eg også i bokhylla mi. Det er ei bok som har fått veldig blanda kritikkar, så eg er veldig spent på den.

The Curious incident... las eg for nokre år sidan. Den kosa eg meg med. Og ho har vore veldig nyttig i møte med asberger-elevar seinare. Sjølv om eg veit at ho ikkje er heilt 100% korrekt, er det ei bok som har hjelpt meg med å konseptualisere teorien og gjere det eg har lese litt meir konkret. Også er ho jo herleg - eg kunne ikkje anna enn å bli glad i Christopher.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hurra for jordbær med skumma melk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er veldig for chesterfield-sofaer og edle dråper. Sjølv om eg er ikkje så kresen på sofaen, så lenge dråpane er edle nok.

Takk for tilliten, når det gjeld sjukepengane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trur eg også går for ein kombi-liste-modell.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Grunnen til at eg blei stille er vel strengt tatt at eg er ferdig med å vere sjukemeldt og sitte heime og strikke og lese bøker og surfe på nett heile dagane, men at eg er tilbake i jobb og retter prøver for harde livet istadenfor. Dermed har eg bare kikka innom i ny og ne, og ikkje klart å halde tritt med skravlinga. Eg er altså ikkje på superhemmeleg prinsesse Ragnhild-oppdrag, men eg er ansvarleg og gjer meg fortent til sjukepengane eg har fått.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har tenkt på det nokre dagar, men det har ikkje vore så mykje nettforumtid dei siste dagane.

De dødes tjern har eg veldig lyst til å lese. Kanskje det blir neste bok, sjølv om eg eigentleg har hatt opptelling frå den engelske lista og ikkje den norske ennå. Eg må jo telle gjennom den norske lista også.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ingen superhelt- eller prinsessestatus her i gården. Og eg har vore redeleg med tanke på ekteskap, allergier og avsky for interiørblogg-bokstavar, så eg trur ikkje det skal komme nokre overraskingar der heller.

Godt sagt! (2) Varsle Svar
  1. Kva har Prinsesse Ragnhild med Verda`n å gjere?
  2. Kva har Prinsesse Ragnhild med Düsseldorf å gjere?
  3. Kva har Prinsesse Ragnhild med meg å gjere?
  4. Kva har eg og AnjaE med a) kvarandre og b) Prinsesse Ragnhild å gjere?
  5. Kor har du det frå at eg gjer noko anna enn å sitte med ryggen til tven og lese bok, når det er fotball på NRK?
  6. Kor kan vi legge ut stillingsutlysning for huspsykiater til bokkollektivet vårt?
Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sidan den andre 1001-bøker-tråden begynner å bli litt over middels rotete og ustrukturert (sjølv om han er veldig morsom og triveleg), tenker eg at det kan vere greit å starte ein litt seriøs tråd om å lese frå 1001-bøker-lista (den internasjonale) eller den norske.

Har du begynt å lese listebøker ut av hylla di? Kva les du? Kva synest du om det du les?


For å svare på mine eigne spørsmål, har eg akkurat såvidt begyne på Elskeren av Marguerite Duras. Dei første 20 sidene vitnar om eit poetisk språk og ei spennande oppbygging av teksten. Eg gleder meg til å lese vidare.

I tillegg har eg begynt på Don Quioute, men den har vi jo fellestrådar på. Eg er litt etter skjema, med tanke på samlesinga, men eg reknar med eg hentar dei andre inn igjen.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Kva skal eg og AnjaE frelsast frå? Og ruger Strindin? skjønnerverkelegikkjenokontingidetheiletatt

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg hugser strengt tatt ikkje å ha fråbedt meg kompostering, men eg trur de har overvurdert verdien av hagestellboka mi, i og med at eg blei utnemnd til landbruksminister, utan å ha lese noko meir enn kapittelet om såing av plen. (Nå er forresten plenen eit ganske vakkert, vagt grønnskjær over molda. Eg gleder meg til å ligge der og lese bok i sommar). Eg skal begynne å lese om hekkeplanting, nå som det ser ut som om nattefrosten er borte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nei, nå ramler eg heilt av lasset. Eg har så mykje å gjere for tida, at eg får ikkje prioritert å lese så mykje som eg gjerne vil. Kan hende eg klarer å ta dykk igjen i løpet av neste veke.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikBertyAlexandra Maria Gressum-KemppiToveTanteMamieVannflaskeKirsten LundTove Obrestad WøienElisabeth SveeSynnøve H HoelGodemineHeidi HoltanKari FredriksenKjell F TislevollAskBurlefotAvaTrine Lise NormannlittymseKjersti SIngebjørgmarvikkisIngunn SSissel ElisabethEivind  VaksvikEllen E. MartolJoannAneEgil StangelandAmanda ACatrine Olsen ArnesenGro-Anita RoenBente NogvaLinda NyrudAnn ChristinMarianne MRonnyToneGunillaJulie StensethBjørg L.