Stemmer =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det er einaste problemet med natt-quiz ;)

2 - byen er Bergen. 3 - sjå for deg ein person som ser slik ut, du støyter ofte på ho på dagbladet sine nettsider... 5 - det er fleire måtar å kome til denne verda på. 7 - norsk forfattar, emneord: homofili.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig, Puck er ein herleg smådjevel!

Då har du 3 riktige til no, bra!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Riktig , men kven av dei var det som ikkje skulle få trylledrikken på auge?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Berre å seie i frå om du trenger hint ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

ja, det er i alle fall intensjonen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

riktig =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

den første er riktig.

du er inne på noko på 4, men forfattar av verket ikkje poeten

eg har vore gjennom boksamlinga di og du skal faktisk ha grunnlag for å vite alt, kanskje med untak av 2 og 7

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein enkel quiz i dei seine timar. Første bokstav i kvart av svara gjev løysningsordet. Lukke til!

1.Denne underlege skikkelsen meinar han urettmessig har blitt fråstolen ein eigedom han setter pris på, han klarer etter mykje strev å gjenvinne den men døyr så i forsøket. Kva er namnet?

2.Barntung jente søker husvære i ugjestmild vestlandsby ein sein haustkveld. Kva er namnet hennar?

3.Hud så kvit som snø, og hår og lepper som ibenholt. Kva er namnet hennar?

4.Gamal diktar, kom aldri til paradiset i følgje denne forfattaren. Fornamnet på forfattaren?

5.Frelsarskikkelse i eit anna univers. Han skapte ei ny verd med ein song. Namnet?

6.Ein av dei døyelege som fekk nytt syn på kjærleiken etter at Titanias lakei, med vondskap eller uhell, klusset med drikken. Kva er namnet hans?

7.To lepper møtast, og snømannens celler får ny konsistens. Kven har skrive denne boka?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja delar den same filosofien angåande oversettingar, så då vert det norsk. Deilig å kunne slappe av med bøker på norsk av og til.

Du er ikkje så veldig gjennomsiktig, men eg leser dei fleste som bøker (løgn?). Du får trøyste deg med det. Kva alderen din angår kan eg ikkje hjelpe... ;)

Synspunktet er svart på!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då skal eg sjå om eg kan få laga ein quiz, utfordringar er alltid artige.

Det er verre personar å hylle enn Shakespeare, eg tippar du må vere ein engelsklærar som likar å formidle! Sjølv likar eg Shakespeare svært godt, og les han no på både norsk og engelsk for å få med meg det meste (synes han skriver litt tungt til tider, og då er det greit å kunne sjå på Bjerkes fantastiske oversetting). Ja den Englandsturen du snakka om her om dagen fekk også meg til å drøyme om Britannia, så no er det mogleg eg sjølv tar turen, men det som appelerer mest til meg er nok arturianske legender.

Enig, Läckberg og Theorin er god underhalding som verkeleg går unna =)

Brontëne likar eg å kikke nærare på, eg driver akkurat no med ein svært omfattande studie av stormfulle høyder og satsar på at eg kan bruke den i ei av semesteroppgåvene. Eg skal vel snart skrive ei bacheloroppgåve innan litteratur og har lurt litt på kvinnelitteratur på 1800-tallet.

Grafiske romanar er fantastiske! Favorittane er til no er Sandman og Elfquest.

Eg hatar Brown så Foucaults Pendel trur eg at eg må plasere litt lengre opp på prioriteringslista. Temaet er jo unekteleg interessant!

Rosens navn høyres skummel ut, eg og er svært bedrøva over all kunnskapen som har gått tapt opp gjennom åra, alt var jo unekteleg betre før (under krigen).

Eco er vel då ein forfattar som fortjener mi merksemd, du har overbevist, men bør han lesast på norsk eller engelsk?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, hurtiglesing er ein dyd ;)

Orsak om du oppfattar svaret mitt som eit angrep, men eg følte at du kanskje var litt snar til å skjere alle oss "superlesarar" under same kniv, noko eg synes var litt unødvendig, sidan eg tvilar på at sosiale skavanker og lesing som primær hobby går hånd i hånd. Og om det skulle vere nokre slike tilfeller her på bokelskere, trur eg kanskje dei kunne oppfatte det som litt sårande å få slengt det i fleisen (sjølv om det er tilfelle).

Hehe, kanskje unødvendig å ty til store samanstillingar, men eg har alltid sett på lesing som ein sunn hobby.

Sidan du ønskar innsikt i ein "storelesars" lesevaner kan eg fortelje deg litt om mine. Eg studerar (mellom anna) litteratur og nordisk, noko som fører til ein god del lesing av skjønnlitteratur gjennom studiene.

Vidare har eg alltid ein mp3spelar med lydbøker innan rekkevidde, og høyrer bøker slik andre høyrer musikk, på veg til eller frå noko. Eg har også ein del hobbyar som maling, trening på studio, friluftsliv, etc... som lett kan kombinerast med lydbøker. På kveldstid synes eg det er kjekkare å lese bøker enn til dømes sjå på tv som andre kanskje gjer.

Heilt frå barnsbein har eg interessert meg for gode historier og forteljinger, og eg synes det er kjekt å kunne flette slike inn i kvardagen. Eg oppfattar det ikkje som ein røyndomsflukt, men som kjekke innspel.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Alle muslimer er terrorister, alle politikere lyger og alle unge menneske som les meir enn 3 bøker i veka fungerer dårleg i samfunnet! Slik er verda! Eller kanskje ikkje?

Det er mogleg du er uenig, men eg meiner i alle fall, at det finnes aktiviteter som er meir skadlege for unge menneske enn litteratur. Til dømes: dop, gjengvald, sodomi og politikk.

Eg trur heller ikkje at folk som leser gjer det fordi dei fungerar dårleg i samfunnet, men fordi dei har ein lidenskap for bøker og likar å dyrke denne interessa. Det finnes nok nokre unntak, men dette er nok ei heller lita gruppe.

Når det gjelder lesing som flukt frå realiteten så har eg sjølv aldri oppfatta litteratur på ein slik måte, eller, vel det er eit unntak. Den gongen, for lenge sidan, då eg var ung, respektlaus, misjonerande anarkist ønskte eg veldig sterkt at Da Vinci koden var verkeleg og verdsreligionane skulle bli styrta (det skjedde heldigvis ikkje, og eg har eit litt "sunnare" syn på religion i dag).

Sjølv les eg vanlegvis meir enn 5 bøker i veka, men dette er stort sett ein syssel som foregår på kveldstid. Etter ein dag på farten, er det utrulig deilig å kunne synke ned i godstolen med ei velfortjent bok, og du ville bli overraska over kor mange "lesetimar" ein dedikert lesehest med lite søvnbehov, har til rådighet i løpet av ei natt ;)

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Flink Anja! Quizen var akkurat passe vanskeleg ( eg baserer meg på det å kunne rundt 60%) Kanskje eg sjølv skal prøve å lage ein quiz.

Eco...Har knapt nok høyrt om mannen ;) Men han må nok prøvast, men han må nok stille seg i kø, skal først kome meg gjennom Paasilinna, så er det Shakespeare samlede verker, meir Fosse, Askildsen, litt svensk krim: Läckberg og Theorin, litt av Brontë(ne), Preacher, Lucifer og så har eg tid til Eco - kva likar du best av han?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Umberto Eco...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er heilt enig, sjølv er eg ikkje nokon stor fan av solskinnshistorier utan action, men eg unna verkeleg Poona å få leve lykkeleg med Gunder Joman, men eg trur kanskje ikkje historia ville ha gjort same inntrykk utan denne tragedien.

Heilt enig i at Fossums spørsmål om politiets arbeidsmetodar er interessante, og i tillegg kan jo vi lesarar stille ein del spørsmål når det gjelder kompetansen til Konrad Sejer ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skjønte ikkje mykje av den rebusen og Don Quijote, er langt frå favorittboka, men no har eg kome på svaret på nr.2: Much ado about nothing.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Var sikker på at Love's Labor's Won, var eit tapt Shakespeare stykke, men det er kanskje fleire - uansett svært interessert i å få vite svaret - kan du kviskre det til meg ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har retta på den no, og lurer på om nr.10 kan vere Nesbøs Doktor Proktors prompepulver

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fire: Owen Meany!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

IreneleserAnneWangKirsten LundHedvigBeathe SolbergTorill RevheimGro-Anita RoenHelge-Mikal HartvedtMarianne  SkageVibekeAndré NesseVariosaSiv ÅrdalIngebjørgHarald KPiippokattaSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H HoelLinda RastenAnne-Stine Ruud HusevågTanteMamieEirik RøkkumToveVigdis VoldEivind  VaksvikRisRosOgKlagingKikkan HaugenLailaKaramasov11Bente NogvaNina J.B.Tove Obrestad WøienMorten MüllerTor Arne Dahl