Ingen tenner ei oljelampe og set henne i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set lampa på haldaren, så dei som kjem inn, kan sjå lyset.

[Luk 11,33]

Godt sagt! (5) Varsle Svar

[M]en mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?» Jesus tok dette opp og sa:
«Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’
Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?» «Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»

[Luk 10,29-37]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For ein arbeidar er verd si løn.

[Luk 10,7]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar.

[Luk 10,3]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

VI.12.I En skjebnesvanger dag

Forteljaren trer tydelegare fram her når vi få vite om rettssaka mot Dmitrij Karamasov. Det er auga hans vi opplever rettssaka gjennom, og han tek sine atterhald når det gjeld objektiv skildring. Og interessa for saka var tydelegvis stor; dei fleste damene «var så ivrige at de hadde glemt å pynte seg». Rivalinnene Katerina Ivanovna og Grusjenka er blant dei store trekkplastera, ved sida av spenninga mellom juristane: forsvarar Fetjukovitsj og statsadvokat Ipolit Kirillovitsj. Salen er stappfull. Hadde eg ikkje visst betre, hadde eg trudd at forteljaren viste til ei pågåande rettssak her i landet.

Dette kapittelet ser ut til å tene som innleiing til rettsforhandlingane; det viser atmosfæren som forhandlingane vil finne stad i. Hovudpersonen, Mitja, erklærer seg skyldig i «drukkensskap og utsvevelser», «i dovenskap og fråtseri», men ikkje i at faren døydde.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Grøda er stor, men arbeidsfolka er få.

[Luk 10,2]

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lat dei døde gravleggja sine døde

[Luk 9,60]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den som ikkje er imot dykk, er med dykk.

[Luk 9,50]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

VI.11.X «Det var han som sa det!»

Nå fortel Aljosja Ivan om at Smerdjakov har hengt seg, og Ivan fortel Aljosja at han meiner at fanden har besøkt han. Og Dmitrij, seier Ivan, kallar Aljosja ein kjerub. Ja, her møtest himmel og helvete. Ein kjerub er Guds sendebod, og ein seraf, som òg blir nemnd, er eit englevesen. Ein stor replikk er «Veien i morgen går til korset, men ikke til galgen.» Men så kjem dette: «Men han – det er meg, Aljosja, meg selv. Alt som som er lavt og simpelt hos meg!» Da Ivan meinte at han møtte fanden, møtte han seg sjølv, sin Mister Hyde! At det går an å dikte slik!

Ikkje rart at Ivan mister bevisstheita.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men mistar seg sjølv og går til grunne?

[Luk 9,25]

Godt sagt! (7) Varsle Svar

VI.11.IX Djevelen. Ivan Fjodorovitsj' mareritt
Tittelen lover ikkje godt, men innhaldet vart førebudd på slutten av kap. VIII. Dette med djevelen minner meg om Luthers møte med hinmannen, noko som blir stadfest mot slutten av kapittelet: «Du tenker vel på Luthers blekkhus!». Her kjem forteljaren fram att for fullt for å fortelje om sjukdommen til Ivan Fjodorovitsj, «nervefeber», altså tyfoidfeber. Den nye dokteren som Katarina Ivanovna har tilkalla frå Moskva, seier at det ikkje er uvanleg med slike hallusinasjonar som Ivan har hatt.

Forteljaren bruker god plass på å skildre ein kar som sitt i rommet. Dette er vel ein ny figur som Dostojevskij bruker for å halde den store diskusjonen gåande («Men sjølv om djevelens eksistens er bevist, så betyr vel ikkje det at Guds eksistens er bevist?»). Ivan oppfattar denne karen som den materialiserte sjukdommen. Når mannen seier at han er «en fallen engel» og «Om jeg noensinne har vært en engel», tenkjer vi på Satan, engelen som gjorde opprør mot Gud. Her er fullt opp av parallellar med både Peer Gynt (knappestøyparen) og Bulganov (Meisteren og Margarita), for ikkje å seie ein direkte referanse til Dostojevskijs diktarkollega Tolstoj. Om det er Dostojevskij eller omsettar Kjetsaa som skriv «n'est ce pas» i staden for det korrekte «n'est-ce pas», er ikkje så godt å seie. Viktigare er replikken «for lidelse, det er jo nettopp livet» – dette er kjernen i verka til Dostojevskij. Dei to diskuterer om Gud er til; det skulle jo berre mangle, for det er dette som forfattarskapet handlar om. «Je pense, donc je suis» er sjølvsagt ein referanse til Descartes. Neste del av samtalen har referansar til Jesu likningar, historia om døyparen Johannes, jesuittane, om «alt er tillatt» – og «Storinkvisitoren».

Dostojevskij held koken. Og nå kjem Aljosja og fortel at Smerdjakov har hengt seg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ingen tenner ei oljelampe og set henne i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set lampa på haldaren, så dei som kjem inn, kan sjå lyset.

[Luk 8,16]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

'Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp. 6 Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte. 7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det. 8 Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.'

[Luk 8,5-8]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor har ho vist stor kjærleik. Men den som for tilgjeve lite, elskar lite.

[Luk 2,47]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Pyramidespill er ren svindel..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg for min del synes at vi i livet bør overholde den regel som blir fulgt ved grekernes festmåltider: 'Enten skal han drikke,' lyder den, 'eller gå sin vei.' Og med rette, for enten skal man sammen med de andre nyte gleden ved å drikke eller gå sin vei tidlig for at man ikke edru skal bli utsatt for de druknes voldsomheter. På samme vis med de skjebnens slag som ikke er til å bære, de skal man flykte unna.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Denne gjorde vondt. Virkelig vondt. Spennende som en thriller, grusom som en horror og vakker som en sart kjærlighetsroman. Herlig gjenkjennelig i hverdagsbeskrivelser og -kommunikasjon. Gjenkjennelig også i sjokkbobla. Tore Renberg skriver historier jeg tror på og kan relatere til. Tettpakket og brutalt enkelt og direkte om opptil flere tabutema. Denne romanen er etter min mening et høydepunkt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det finst ikkje noko godt tre som ber dårleg frukt, heller ikkje noko dårleg tre som ber god frukt. Treet kjenner ein på frukta. Dei plukkar ikkje fiken av tistlar og haustar ikkje druer av klunger. Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjartet, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjartet er fullt av, det seier munnen.

[Luk 6,43-45]

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Og det var eit fint arrangement.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje? Og korleis kan du seia til bror din: ‘Bror, lat meg ta flisa ut av auget ditt’, når du ikkje ser bjelken i ditt eige auge? Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge. Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.

[Luk 6,41]

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaNorahEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsVariosaMarianne MSolAlice NordliLena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig TTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikLars MæhlumTanteMamie