IV.10.III Skolegutten

Og nå er Kolja kvitt barnevaktoppdraget. Han snakkar med ein annan gut, Smurov, som i eit tidlagere kapittel kasta snø på Iljusja, som nå er sjuk. Her er ingenting tilfeldig. Og vi får forklaringa på den litt lange innleiinga: Kolja og Smurov begynner å snakke om Iljusja, som dei har forsona seg med, og Aleksej Karamasov og rettssaka. Kolja besøker Iljusja «av egen fri vilje»; det er eit poeng her. Så begynner ei samanlikning mellom menneske og bikkjer, og Kolja seier at han er sosialist. Han snakkar med ein frosen bonde og talar han etter munnen for ikkje å skuffe han. Også ei torgkone snakkar han med - og ertar på seg ein handelsmann før han snakkar med ein klok bonde («Jeg innrømmer gjerne at vanlige mennesker også kan være kloke.»). Så ber Kolja Smurnov om å hente Aleksej. Da er vi klare for eit nytt møte med ein Karamasov-bror.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

IV.10.II Unger

Vi følgjer Kolja Krasotkin vidare. I same huset som han, mora og tenestejenta Agafja bur ei dokterfrue med to ungar, Nasjta og Kostja, og ei tenestejente, Katerina, som er gravid. Kolja leikar med ungane; ein kanon gjer det største inntrykket. Agafja skal passe på dokterungane mens Kolja er borte ein tur. Og dett var dett?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

IV.10.I Kolja Krasotkin

Vi er over i fjerde og siste delen. Tiande boka, som er den fyrste boka i denne delen, heiter «Guttene». Og det fyrste kapitlet er «Kolja Krasotkin».

Forteljaren held altså ikkje direkte fram med kva som skjedde etter at Mitja hadde vorte ført bort, men skildrar bakgrunnen til Kolja Krasotkin. Fyrst og fremst får vi vite at han var sjølvoppteken – og glad i å lese. Nyttig er det nok for lesaren å få opplyst at ein slektning av guten arbeidde ved den jernbanestasjonen som Ivan seinare skulle reise til Moskva frå (heldigvis skriv Kjetsaa «jernbanestasjon», og ikkje «togstasjon»). Læraren Dardanelov var forelska i mora til Kolja, Anna Fjodorova.

Forteljaren seier til slutt i kapitlet at Kolja er identisk med den guten «som var blitt stukket i siden med en pennekniv av Iljusja, sønnen til stabskaptein Snergirjov, den gang guttene ertet ham og kalte faren hans for en børste». Dette er lenge sidan – og viser kor bevisst romanen er komponert.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

―Que se vayan a la mierda ―dijo―. Si alguna ventaja tenemos las viudas, es que ya no nos queda nadie que nos mande.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første.

[Mark 10,31]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.

[Mark 10,25]

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gå bort og sel alt du eig, og gjev det til dei fattige; då skal du få ein skatt i himmelen.

[Mark 10,21]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

III.9.IX Mitja blir ført bort

Eit stutt kapittel, men det viser kva forteljaren har lagt opp til. Vi er nå tilbake ved det kjernen i forteljinga: menneskets forhold til Gud, til verda, til medmenneska og seg sjølv. For nå seier Mitja: «Jeg tar lidelsen ved anklagen og den offentlige skjensel på meg, – jeg vil lide og lutres gjennom lidelsen!» Vi kjenner att tankane frå tidlegare. Vi har møtt tre brør med ulik innstilling til livet og religionen. Nå har Mitja vorte eksaminert som følgje av at gamle Karamasov har vorte drepen, og dei andre to står att. Så fint sett i sene!

Og Kalganov – ja, vi har møtt han før – tenkjer, etter at Mitja har vorte førd bort: «Hva skal man tro om menneskene etter dette? Det er jo meningsløst, helt meningsløst!»

Godt sagt! (2) Varsle Svar

III.9.VIII Vitneutsagnene. Bånet

Vi kjem nå til vitneavhøyra, som for det meste handlar om pengeforbruket til Mitja: hadde han brukt alle dei tre tusen rublane på den fyrste ranglinga, eller hadde han fordelt utgiftene? Trifon Borisytsj meiner bestemt ja. Ja, hadde han kanskje seks tusen i alt? Eller, som gamle Maksimov seier, tjue tusen? Grusjenka held på at det gjekk med tre tusen fyrste kvelden.

Så har Mitja ein draum, om eit barn, «Bånet», der spørsmålet er «Hvorfor er folk fattige?». Det må vel da vere ein samanheng mellom dette spørsmålet og pengeforbruket til Mitja?

I alle fall vaknar Mitja og skriv raskt under på forklaringa.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den som ikkje er imot oss, er med oss.

[Mark 9,40]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

III.9.VII Mitjas store hemmelighet. Han blir utpepet

Mitja seier nå at han hadde stole pengane frå Katarina Ivanovna Verkhovtseva og rangla bort det meste i to omgangar. Er kapitlet meint for å problematisere forholdet mellom ein kjeltring og ein tjuv? Utsagnet «Skurker er vi jo alle saman i større eller mindre grad, men det er bare erkeslynglene som er tyver. […] jeg mener bare at en tyv er mer slyngelaktig enn enn en slyngel.» er neppe tilfeldig lagt i Mitjas munn. Seinare følgjer han opp: «Jeg har lært at det ikke bare er umulig å leve som kjeltring, også å dø som kjeltring er umulig… Nei, mine herrer, man må dø som et hederlig menneske!...»

Derfor har vi hatt desse kapitla om rangling og forhøyr.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: 'Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og følgja meg. [...] Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Og kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? [...].'

[Mark 8, 34-37]

Godt sagt! (3) Varsle Svar

VI Statsadvokaten får Mitja på kroken

Mitja reagerer kraftig på ordren om kroppsvisitasjon og på at han lyt ta på seg kleda til Kalganov. Etterpå fortel statsadvokaten at Grigorij Vasiljev seier at døra til hagestua hadde stått open. Verre er det at Nikolaj Parfjonovitsj viser fram ein tom konvolutt med påskrifta «Til min lille kylling» og «Tre tusen». Da endrar Mitja forklaring og legg skylda på Smerdjakov. Etter mykje forspel er vi nå framme ved at Mitja skal fortelje korleis han hadde fått tak i pengane.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

'No creo en Dios, pero le tengo miedo.'

Godt sagt! (2) Varsle Svar

V En sjels vandring gjennom trengsler. Tredje trengsel

I dette kapitlet er vi komne fram til eit viktig moment: Døra hadde ikkje vore open da Mitja var ved huset til faren. Han fortel at berre han sjølv og Smerdjakov kjende signalet som var avtalt mellom faren og Grusjenka. Mitja understrekar kraftig at Smerdjakov er uskyldig. Pengane vil han ikkje fortelje meir om. Forhøyrarane varslar kroppsvisitasjon.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

III.9.IV En sjels vandring gjennom trengsler. Annen trengsel

Her skjer lite; prosessen med avhøyr utviklar seg vidare og lyt vere logisk bygd opp. Derfor har vi dette kapitlet, der Mitja har ein vanskeleg balansegang. Dei tre tusen rublane står sentralt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

III.9.III En sjels vandring gjennom trengsler. Første trengsel

Nå følgjer tre kapittel under samletittelen «En sjels vandring gjennom trengsler»; tittelen bryt med den realistiske skildringa av miljø og personar som vi elles har møtt, talet på trengslar, altså tre, har nøye samanheng med den magiske funksjonen som vi kjenner frå folkeeventyr og Bibelen.

Vi opplever Mitjas reaksjon på skuldingane, og på at Grusjenka seier at det var for hennes skyld at Mitja tok livet av far sin og tek på seg skylda. Han spør «kan jeg fortjene en slik kjærlighet», dvs. at Grusjenka seier at ho vil følgje han i fengselet, at ho vil dele skjebnen hans, «selv om vår vei skulle gå til skafottet».

Det blir altså ein periode med forhøyr av Mitja, den fyrste trengselen. Så lurt: Gjennom forhøyr får vi ta del i det Mitja tenkjer, i alle fall det han vil at representantane for styresmaktene skal oppfatte. For kva er sant og kva er løgn av det Mitja og Grusjenka uttrykker her?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

[...] el cuerpo sigue mientras uno siga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tenia que enseñarle a pensar en el amor Como un estado de gracia que no era un medio para nada, sino un origen y un fin en sí mismo.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Nei, det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint.

[Mark 7,15]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaGunillaLars Johann MiljeMads Leonard HolvikEirin EftevandJohn LarsenHelena ERonnyJulie StensethAvaHeidi LNorahEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsVariosaMarianne MSolAlice NordliLena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig TTove